Foto:Tage Karlsen, Padletur i vakre Troms

Bli med på landsmøte i Norges Bygdekvinnelag 2018

Vi ønskjer bygdekvinner fra heile landet velkommen til landsmøte, organisasjonen sin viktigaste møteplass, 31. mai til 3. juni 2018 i Harstad. Ny frist for påmelding er 1. mai.

Du treng ikkje å være delegat for å delta på landsmøte. Alle medlemmar i Norges Bygdekvinnelag er velkomne til å være med på møtet og dei kulturelle og sosiale aktivitetane, men det er berre delegatane som har tale- og stemmerett. Landsmøtet skal foregå på Scandic Hotel Harstad.

Påmelding
Alle som skal delta på Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte må fylle inn påmeldingsskjemaet og sende det på e-post til Gry: gry.myhre@scandichotels.com

Påmeldingsskjemaet til Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte i 2018 ligg nederst på sida!

Når du har sendt påmeldingsskjemaet vil du etter ei tid få ein e-post med bekrefting på at påmeldinga er registrert.

Påmeldingsfristen er 1. mai 2018!

Om du har spørsmål eller vil melde deg på til årsmøtet via telefon kan du ringe til Gry som er bookingsjef på hotellet på telefon 770 03 175. Har du andre spørsmål kan du kontakte Norges Bygdekvinnelag på e-post post@bygdekvinnelag.no eller telefon 22 05 48 15.

Landsmøtesaker
Nokre av sakene som skal opp på Landsmøtet er ny politisk plattform, arbeidsplan for 2019 og 2020, forslag til innføring av felles kontingent og budsjett for 2018 og 2019.

Alle som har meldt seg på Landsmøtet får sakspapir i posten. Desse vert sendt ut 4 veker før møtet, slik at du har dei i god tid. Husk å ta med sakspapira til Landsmøtet.  

Under landsmøtet får du  òg møte både rittsjef for Artic race of Norway Knut- Eirik Dybdal og SV-politisker Torgeir Knag Fylkesnes. Dybdal skal fortelle om sin eventyrlege oppstart av Arctic Race of Norway, og korleis sykkelløpet har vore med på å vise fram landsdelen. Knag er utfordra til å snakke om distriktspolitikk og næringsliv i distrikta.

Opplevingar
Fylkesstyret og Norges Bygdekvinnelag legg opp til både historiske, kulturelle og musikalske opplevingar i løpet av landsmøtedagane.

Torsdag 31. mai inviterar vi landsmøtedeltakarane til å velje mellom 1) byvandring eller 2) omsyning på gamle viktigtufter.

Under 1) byvandringa i Harstad får du innblikk i både byen si historie, eksklusive møter med lokale kunstnarar og galleribesøk.

Under 2) omsyning på gamle viktigtufter får du besøke Trondenes, som var eit viktig politiske sentra under vikingtida og på slutten av middelalderen. Her var det høvdingseter under vikingtida, og vi får sjå dei historiske tuftene. Det vert òg besøk i Trondenes kirke.

Fredag 1. juni vert det festmiddag med nydeleg mat på hotellet. Etter festmiddagen inviterar Troms Bygdekvinnelag til Kulturkveld. Troms har mange kjende musikarar og under kulturkvelden vert det musikk frå Sigrun Loe Sparboe (1983). Musikaren frå Harstad vert omtalt som ein av landet sine beste låtskrivartalent.

Laurdag 2. juni. Etter at landsmøtedagen er ferdig inviterar Troms Bygdekvinnelag på ein heilaften fullspekka med mat, kos og gode opplevingar. Det vert middag på ærverdige Røkenes gard, som av Ganefart har vore kåra til den beste spisestaden langs vegen i Troms. Så går turen innom Rå vidaregåande skule.

Vidare går bussturen til Nupen, som ligger ytterst på Kvæfjordhalvøya. Nupen vart for eit par år sidan kåra til Norges mest romantiske stad av reisemagasinet «Reiser og ferie». På Nupen skal alle få kaffi, Kvæfjordkake, underhaldning under midnattssola.

Søndag 3. juni er tid for heimreise.

 

Reiseforslag til Harstad
Det kan vere lurt å bestille flybillett tidleg slik at du får plass på det flyet du ønskjer.

Det går fleire fly til Evenes, Norwegian og SAS har ruter. Buss korresponderar med flya og går inn til sentrum av Harstad. Du kan òg ta Hurtigruta, om du har god tid. Den anløper Harstad om morgonen. Det er òg mogeleg å ta tog til Fauske og buss vidare, eller ein kan køyre bil til Harstad.

Nyttig info om betaling

Alle delegatar får dekkja opphald (kost og losji), men fylka må sjølv betale reise. Det vert ei reiseutjamning i etterkant av Landsmøtet. Alle delegatar må sende sine reisekvitteringar til fylkesleiar som så sender dei samla vidare til Norges Bygdekvinnelag.

Observatørar må dekkje alt sjølv. Som observatør får du ei oversikt over dei enkelte kostnadene i e-posten med bekrefting. Om du ønskjer endringar etter påmeldinga er det berre å ta kontakt med hotellet. Priser hotell m.m for observatører:

Dagpakke kr. 480,- pr. dag.

Enkeltrom kr. 905,- Dobbeltrom kr. 1110,-

Middag torsdag kr. 295,-

Middag fredag kr. 500,-

Det er gratis for alle å delta på omsyninga torsdag 31.mai. Kulturkveld fredag (etter festmiddagen) og busstur med middag og tur til Nupen, må delegatar og observatørar betale sjølve.
NB! Det er bindande påmelding til turane.

Kulturkvelden kostar kroner 250,- per person.

Tur med Troms Bygdekvinnelag som inkluderar busstur, middag og kaker kostar kroner 450,- per person.