Bygda i bevegelse

Bygda i bevegelse er Bygdekvinnelagets store satsing i 2015 - 2016

Prosjektet skal bidra til å betre folkehelsa gjennom bevegelsesglede, lågterskelaktivitetar i den nære naturen og sunn og god turmat. Dette skal Bygdekvinnelaget gjere gjennom turopplegget «Fire årstider – fire turar», «Mosjon 52» og fleire andre aktivitetar. På denne sida finn du informasjon som kan vere til god hjelp i planlegginga av turopplegget i ditt lokallag. Søknadsskjema med frist 2. mai 2016 finst i menyen under, og støtte tildelast så lenge midlane rekk. Meld frå til prosjektleiar om at ditt lokallag vil vera med på "Fire årstider - fire turar", og få hefter og studieplan tilsendt gratis i posten.

Prosjektet "Bygda i bevegelse" er støtta av Gjensidigestiftelsen.