Bygdekvinnenes hjelpefond

Norges Bygdekvinnelag sine medlemmer har som mål å støtte kvarandre personleg og om nødvendig også økonomisk i ein vanskeleg situasjon. Kvart år samlar lokallaga inn pengar. Målet med Hjelpefondet er å hjelpe medlemmer i Norges Bygdekvinnelag og/eller jordbrukarar som har fått økonomiske vanskar på grunn av sjukdom, uhell, ulykke eller personleg krise.
Historien
Det heile starta som Bondekvinnens Nybrottsfond i 1931. Målet var å hjelpe kvarandre i dei vanskelege tidane som folk gjennomlevde. I motsetnad til dagens Noreg med godt utbygde velferdsordningar, fantest det den gong ingen velferds- eller forsikringsordninger for dei som hadde lite. Mange starta opp som nybrottsfolk og skaffa seg på den måten mat og ein heim. Folk vart satt på harde prøver, og bidrag frå fondet vart for mange eit kjærkommeleg tilskot når det trengtes som mest.
Ingen kjenner morgondagen
Vi veit lite om kva morgondagen kan bringe. Katastrofar, ulykker, sjukdom, død og skilsmisser kjem brått og uventa og kan ramme alle. ”Ei ulykke kjem sjeldan aleine”, heiter det. Det økonomiske grunnlaget kan verte borte eller vere i ubalanse i ein periode slik at vi treng støtte.
Sambuarskap
Når den eine parten i eit sambuarskap døyr, er det ingen spesielle reglar som tek omsyn til den som lever att. Sambuarar arvar ikkje automatisk kvarandre og tek ikkje over kvarandre si gjeld. Det er ingen generell lov som regulerar tilhøvet mellom sambuarar på same måte som mellom ektemakar i ekteskapsloven. Derfor kan mange kome i ein vanskeleg situasjon dersom slektningar gjer krav på buet.
Di hjelp - di forsikring
Som medlem i Norges Bygdekvinnelag kan du søke om midlar dersom du skulle vere uheldig å kome i ein vanskeleg situasjon. Slik støtte kan hjelpe deg noko i ei akutt krise.
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss
Gjennom medlemsskapet ditt har du gjeve tilskot til Bygdekvinnenes Hjelpefond.
Søknad
Søknad skal sendast til Bygdekvinnenes Hjelpefond / Norges Bygdekvinnelag på eit fastsett skjema. I søknaden må det gjevast:
- Opplysningar om kva tilskotet skal brukast til
- Opplysningar om søkjaren sin økonomi
- Opplysningar om søkjaren sitt jordbruk dersom det er aktuelt
- Søkjaren må gje namn på personar/ referansar
- Søknadsskjemaet må fyllast ut fullstendig for at søknaden skal verte behandla
Søknaden vert behandla konfidensielt.
Dersom du har spørsmål eller ynskjer å få søknadsskjema sendt i posten, ta kontakt med:
Norges Bygdekvinnelag
Postboks 9358 Grønland
0135 Oslo
E-post: postnbk@bygdekvinnelaget.no
Heimeside: www.bygdekvinnelaget.no
Tlf. 22 05 48 15
