Hopp til hovedinnhold
Norges Bygdekvinnelag ønskjer at fleire lokallag skal bli med på inkluderingsprosjektet «KvinnerUT».

Norges Bygdekvinnelag ønskjer at fleire lokallag skal bli med på inkluderingsprosjektet «KvinnerUT».

Det skjer i Bygdekvinnelaget hausten 2017

Her kan du og ditt lag få ei oversikt over kva som skjer i Norges Bygdekvinnelag hausten 2017. Les meir om KvinnerUT, inspirasjonsseminar og tradisjonsmat!

Til lokallagsleiarane i Norges Bygdekvinnelag                                                              

Det er haust og organisasjonslivet i gang. Lokallagsaktivitetar, inspirasjonsseminar i Bergen og prosjekta KvinnerUT og  norsktradisjonsmat.no gjev organisasjonen ein spennande haust. Vi ønskjer både nye og gamle lokallagsleiarar velkomne til eit nytt arbeidsår!

Bli med på KvinnerUT

Med støtte fra Gjensidigestiftelsen satsar Norges Bygdekvinnelag i 2017 og 2018 på å fremme og styrke inkluderingsarbeidet i organisasjonen gjennom prosjektet «Kvinner UT». "KvinnerUT" gjev deg og ditt lokallag sjansen til å invitere med minioritetskvinner, innflyttarar og bygdekvinner i bygda til felles aktivitetar. Hugs at ein ikkje treng å gjere det så stort eller vanskeleg. Kva med å invitere til sanketur, lage mat saman eller gå ein tur.

Det er ikkje for seint å søke om støtte på kroner 8000,-. Les meir om prosjektet og korleis laget ditt kan søke om prosjektstøtte! Prosjektleiar Sosan Asgari Mollestad reiser gjerne på besøk både til lag som har søkt om støtte og andre lag som er interessert i å lære meir om inkluderingsarbeid i praksis. Les meir i vedlegget som du finn nederst i dette dokumentet!

Har du spørsmål ta kontakt med prosjektleiar Sosan Asgari Mollestad på tlf. 901 41 091 eller send e-post til sosan.mollestad@bygdekvinnelaget.no

Inspirasjonsseminaret i Bergen 20.-22. oktober

Norges Bygdekvinnelag har invitert til inspirasjonsseminar i Bergen 20.-22. oktober. Det vert ei helg med innlegg om alt frå tradisjonsmat, likestilling til inkludering  av minioritetskvinner og bygdeutvikling. Det vert òg ein sosial møteplass med konsertar, kurs og god mat. Ser du at du likevel har lyst å delta, så ta kontakt med administrasjonen, så skal vi gjere så godt vi kan for å få det til.

Norsk tradisjonsmat

Fleire lokallag har sendt inn flotte oppskrifter frå sine lokalmiljø i Tradisjonsmatjakten, og vi håpar at fleire vil bidra med oppskrifter til vår nye nettside www.norsktradisjonsmat.no. Informasjon om korleis de kan sende inn oppskrift er sendt ut per post til alle lokallagsledere før sommeren, og finnst òg på bygdekvinnelaget.no under organisasjonsdokumenter. 

Har de spørsmål – ta kontakt med prosjektleder Gunn Jorunn Sørum på e-post gunn.sorum@bygdekvinnelaget.no eller telefon 934 05 255.

Aksjon JA til norske grønsaker
For å auke kunnskapen og bruken av norske grønnsaker hjå forbrukarane vil Norges Bygdekvinnelag i samarbeid med Gartnerhallen gjennomføre ein landsomfattende aksjon. Over 120 lokallag har meldt seg på, og skal stå utanfor  sin nærbutikk måndag 16. oktober, som også er verdens matvaredag.

Om du og ditt lag ikkje skal dele ut grønsaker kan de likevel engasjere dykk for norske grønsaker. Kva med å dele bilder frå eigen åker,  oppskrifter på gode grønsaksrettar eller dine grønsaksfavorittar akkurat denne dagen på eigne nettsider, Facebook og instagram. Merk bilda med #JAtilnorskegrønnsaker. 

Styreskjema 2017

Det er viktig at vi får registrert alle tillitsvalde med sine roller i lokallaga for at vi sentralt skal kunne sende ut riktig informasjon til rett person. Det difor viktig at alle lag som har endringar i styret fyller inn desse.

Styreskjemaet kan anten lastast opp på organisasjonsdokument her: http://bygdekvinnelaget.no/organisasjonsdokumenter og sendast inn på e-post eller ein kan fylle ut det vedlagte skjemaet og sende det i posten. Husk å fylle inn alle data. Frist for innsending  av styreskjema er 1.desember. 

Hugs at På Min side, kan alle legge inn sitt eige verv. For at det skal kunne gjerast må ein allereie ha registrert  ei e-post adresse i medlemsregisteret. Om du ikkje har det eller har spørsmål, ta kontakt med Marie Aaslie på e-post marie.aaslie@bygdekvinnelaget.no eller på telefon 22 05 48 15.

Årsrapporteringsskjema 2017

Årsrapporteringsskjemaet  dannar grunnlaget for årsmeldinga til Norges Bygdekvinnelag. Det er difor viktig at alle lokallag fyller ut skjemaet slik at vi får summert opp dei gode aktivitetane som er gjort gjennom året.  For å fylle ut årsapporteringsskjemaet må du høgreklikk og trykk på å opne hyperkobling i menyen som kjem opp. Her er lenkja du trykker på:

https://response.questback.com/norgesbondelagbondelagetsse/bygdekvinnelagetaarsrapport

Skjemaet kan også lastast ned på www.bygdekvinnelaget.no og under organisasjonsdokumenter.

Ta kontakt med organisasjonskonsulent Marie Aaslie på e-post: marie.aaslie@bygdekvinnelaget.no

om du  har spørsmål eller vil ha skjemaet tilsendt i papir.

Husk å først fylle inn e-post adresse og namn på lokallag (obligatoriske felt) i skjemaet for å  kunne gå vidare i skjemaet. Frist for innsending er 1. desember 2017. 

Kontingentauke

På årsmøtet i Norges Bygdekvinnelag i 2016 vart det vedteke ei sentral kontingentauke på kr 25,- årleg dei to neste åra. Det vil seie at den sentrale kontingenten i 2017 er på kr. 525,-, mens den i 2018 vert på kr 550,-. Kontingentauka er tilpassa kostnadsutviklinga i samfunnet og er naudsynt for å vidareføre drift og utvikling av organisasjonen på dagens nivå.

Momskompensasjon

Momskompensasjon er eit middel for å styrke friviljuge organisasjonar. Føremålet er å kompensere for kostnader friviljuge organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Fleire og fleire lag i Bygdekvinnelaget sender inn søknad, og heile 227 lokallag har levert inn søknad om momskompensasjon for 2016. Det er veldig bra. Kor mykje pengar ditt lag får att, veit vi ikkje før i slutten av desember. Pengane vert overført direkte til lokallaget sin konto, så følg med. 

Nettsidene: vil ditt lag ha nettsidekurs?

Visste du at arrangementet til Ringsaker Bygdekvinnelag «Besøk hos sydamene 2-jinter» vart lest av over 700 ulike menneske på nettsida deira? Vi ser framleis at fleire lokallag kan ta nettsida si i bruk og få utviklet eit kraftfullt informasjons- og ververeiskap. Alle lokallag kan opprette nye og eigne nettsider. Det kostar kr 1000,- i året.  

Oppfordre gjerne fylkeslaget dykkar til å arrangere kurs eller gå saman med andre lokallag i området om felles nettkurs. Om ditt lag vil ha kurs eller opprette eiga nettside- ta kontakt med nettredaktør Helle Berger på e-post: helle.berger@bygdekvinnelaget.no.  

Tale Hammerø Ellingvåg er tilgjengelig for alle spørsmål om bruk av lokallaga sine nettsider på tysdagar og torsdagar frå klokka 10.00-14.00 på e-post;  tale@bygdekvinnelaget.no eller på telefon 924 40 683. Du kan også sende spørsmål resten av veka som du får svar på neste gang ho er på jobb.

Les meir i vedlegget som du finn nederst i dette dokumentet!                           

Råvareaksjonen Ville vekstar

Råvareaksjonen ville vekstar har skapt mykje aktivitet og interesse i lokallaga, og Norges Bygdekvinnelag ønskjer difor å forlenge råvareaksjonen ville vekstar med eit ekstra år (2018). Målet med råvareaksjonen er at fleire skal verte kjent og ta i bruk det rike mangfaldet av ville vekstar vi har i den norske naturen.                                                                                                                

Bygdekvinnelaget har laga eige hefte med oppskrifter og aktivitetstips som du kan bestille hjå administrasjonen. Bruk heftet og aktivitetstipsa til inspirasjon og sett dykkar preg på råvareaksjonen.  Del dine bilder på instagram med #bygdekvinner#villevekster. Kombiner gjerne råvareaksjonen med prosjektet «KvinnerUT».  

Verving

For å oppretthalde ein livskraftig organisasjon er vi avhengige av nye medlemmar med nye krefter og idear.  Aktive lokallag er den beste "vervebrosjyra" vi har. Det er i møte med engasjerte og aktive medlemmar det er lettast å verve nye og behalde gamle.

Veke 5 og 6 er organisasjonen sine verveveker, men verv nye medlemmar heile året. Også i år er det vervekonkurranse fram til 1. oktober med premiar til beste vervar, beste lokallag og det laget med høgast prosentvise auke.

Vi har lagt ved den nye vervebrosjyre. For å bestille vervebrosjyra på bokmål eller nynorsk sender du  e-post til post@bygdekvinnelaget.no. Husk å skrive namn og adresse som vervemateriellet skal sendast til.  Les meir i vedlegget som du finn nederst i dette dokumentet!


Vil ditt lag ha besøk under vervevekene?

Aktivitet er den beste vervebrosjyra, og vi oppfordrar alle til å gjennomføre ein eller fleire aktivitetar undervervevekene. I år vil styret i Norges Bygdekvinnelag reise på ein turne og delta på 8 av dei lokale arrangementa  og lage ein digital reportasje.

Vil du at vi skal komme akkurat til ditt lokallag? Send ein e-post til post@bygdekvinnelaget.no og forklar kva de vil gjere, og hva slags arrangement de vil ha. Vi vèl ut kven vi skal besøke innan

1. november.  Les meir om dette i vedlegget!

Årets lokallag 2017

For å synleggjere den gode aktiviteten som skjer i regi av lokallaga kårar Norges Bygdekvinnelag «Årets lokallag». Vinnaren  for 2016 vert kåre på Inspirasjonsseminaret i Bergen. No har ditt lag sjansen til å verte dei heldige vinnarane av kroner 20 000,- for 2017.

Alt ein må gjere er å sende inn ei god grunngjeving til ditt fylkeslag innan 1. februar 2018.

Her ønskjer vi følgjande omtalt (maks 2 sider):

  • Dei tre viktigaste aktivitetane gjennom 2017
  • Korleis driftar ein lokallaget, og korleis vil du beskrive utviklinga dei siste 5 åra?
  • Kva gjer lokallaget for å vere synleg i lokalmiljøet og korleis rekrutterar ein nye medlemmar?
  • Kva synst du/dykk er den aller viktigaste grunnen for at ditt lokallag bør bli vinnar av Årets lokallag 2017?

Fylkeslaget vurderar innan 1. april kva lokallag frå sitt fylke som går vidare til den nasjonale kåringa. Vinnaren vert kåra på Norges Bygdekvinnelag sitt årsmøte i Harstad 2018.

Landsmøte 2018

Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte i 2018 1.-2. juni 2018. Det er Troms Bygdekvinnelag som har det praktiske ansvaret og saman med Norges Bygdekvinnelag inviterar dei årsmøtedelegatane til Harstad.  På landsmøte i 2016 vart det vedteke å auke talet delegatar  for å sikre breidda i medlemsmassa og få fleire lokallag representert. Landsmøtet vil vere sett saman av fylkesleiar og 1 representant for kvart påbegynte 200. medlem i fylkeslaget. Delegatane vert valde på årsmøte i fylkeslaga.

Høyring

På Landsmøte i 2018 vert det lagt opp til  endringer i Norges Bygdekvinnelag sin politiske plattform.  I tråd med vedtektene skal denne sendast på høyring i organisasjonen.  Lokallaga vil i byrjinga av november 2017 få forslaget på høring med høringsfrist 15. januar 2018. Politisk plattform er eit dokument som syner kva heile organisasjonen vår meiner om ulike saker i samfunnet.  Skulemat, distriktspolitikk eller likestilling er døme på politiske saker. Nytt høvet til ein diskusjon i eige lokallag på kva de meiner Norges Bygdekvinnelag bør vere opptatt av og synlege på i åra framover.

Om ditt lokallag har saker de ønskjer skal behandlast på Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte i 2018 er frist for innsending 6. april 2018.

Filmvisning

Nå kan ditt lokallag invitere til filmvisning om hvordan klimaendringene rammer bønder i Sør. Dokumentaren "Thank You For The Rain" viser at klimaendringene rammer de svakeste av oss. Les mer om dette tilbudet på bygdekvinnelaget.no (http://bygdekvinnelaget.no/lokallag-kan-invitere-til-visning-av-viktig-klimadokumentar).

Hugs:

  • Styremedlemmar og tilsette i administrasjonen kan komme på besøk ditt lokallag. Her er kontaktinformasjon!
  • Lik Bygdekvinnelaget si facebook-side: www.facebook.com/bygdekvinnelaget
  • Bygdekvinnelaget er på instagram med #bygdekvinner. Bli med du òg!
  • Du kan bestille materiell til ditt lag ved å kontakte administrasjonen på e-post: post@bygdekvinnelaget.no. Hugs å skrive namn og adresse på personen vervemateriellet skal sendast til. Porto må lokallaget dekkje sjølv.
  • Lokallagsutsendinga ligg også under dokumenter om du vil skrive den ut.