Hopp til hovedinnhold
Den norske forbrukaren vil ha trygg og rein mat. Foto: Sara Johannessen.

Den norske forbrukaren vil ha trygg og rein mat. Foto: Sara Johannessen.

Ein landbrukspolitikk i forbrukaren si interesse?

Norges Bygdekvinnelag som forbrukarorganisasjon stiller spørsmålsteikn ved Regjeringa sin iver etter å forenkle lover, reglar og støtteordningar. Dette vil ikkje gagne forbrukaren si interesse eller landbruket og bygdene som heilskap.

Regjeringa la i førre veke fram si nye Stortingsmelding om ein framtidsretta jordbruksproduksjon. I Stortingsmeldinga skriv regjeringa at den jordbruksbaserte verdikjeda skal bli mindre politisk styrt og meir marknadsretta.  

Forbrukaren vil ha den reine norske maten
Regjeringa foreslår å endre flere av markedssreguleringsordningane for jordbruket. Dette meiner Norges Bygdekvinnelag er feil oppskrift. Markedsreguleringsordninga gjev stabil pris til både bonde og forbrukar. Den sikrar ein matproduksjon basert på ei god og bærekraftig ressursutnytting som gjev sikker tilgang til sunn og trygg mat over heile  landet.

- Vi må ha ein politikk som legg til rette for nettopp dette. Det er viktig at regjeringa ser kor stor verdi eigen matproduksjon i landets krikar og krokar har, både for levande bygder og ikkje minst for forbrukaren sitt ønskje om rein og trygg mat, seier leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg.

Levande bygder og trygge rammer
 Norges Bygdekvinnelag meiner at jordbruksnæringa er avgjerande for busetjinga i mange lokalsamfunn. Den er med på å gje oss lokale arbeidsplassar og levande bygder.
Vi meiner matsikkerheit og beredskap er viktig, og ønskjer ei utvikling kor både små og store bruk til saman gjer at vi brukar matjorda der den ligg.  

Forbrukaren vil ha innovasjon og matmangfald. Då må vi gje bonden trygge rammer med lover, reglar og støtteordningar som gjer at dei tør å ta sats og utvikle gardar i heile landet.

Det er heilt tydeleg i dei siste jordbruksoppgjera og i den nye meldinga at regjeringa sin politikk favoriserer dei store bruka på bekostning av dei små. Vi fryktar at det vil føre til ei ytterlegare sentralisering av matproduksjonen med eit fråflytta distrikts-Noreg som konsekvens.

Saman med forslag til endringar i ordningar som bu- og driveplikt svekkas grunnleggande verdier og målsettingar knytta til den norske landbrukspolitikken.

Politisk styring
Det er klart at Bygdekvinnelaget vil ha eit bærekraftig og levande landbruk i utvikling. Bygdekvinnelaget meiner at for å få til dette på ein mest mogeleg bærekraftig måte som gagnar forbrukaren må vi ha ei politisk styring av jordbrukspolitikken.