Styret i BBK for 2017. 1.rad f.v.: Else Hval, Sølvi Jødal (leiar), Inger Margrethe Medhus. 2. rad f.v.: Kristin Baalerud, Mette Rustand, Reidun Røisli, Frøydis Løkensgard
Velkommen til årsmøte!
Velkommen til BBk sitt årsmøte v/ Sølvi
Ordføraren har ordet.
Ordføraren har ordet.
Kveldens foredragshaldar.
Kveldens fordragshaldar.
Likestilling, kva er det?
Forrett.
Hovudrett.
Festkledde bygdekvinner.
I forgrunn: Sonerepresentant Kristin, Leiar Sølvi og Ordførar Oddvar.
Pynta til fest.
Sang og gitarspel ved Sigrid Elise, teknisk assistent var Astrid Marie
Festglade bygdekvinner.
Ein munter gjeng, bygdekvinner på sitt beste!
Flotte kaker.
Fantastisk kakebord.
Kling frå Nore, Lyngdal og Uvdal. Imponerande.
Imponerande mange ulike lefsetyper. Her frå Flesberg, Rollag og Nore.
Blomsterteppet skal no til Ringerike sjukehus.
Styret skal avgjere kor knappebiletet skal få plass.

Årsmøte i BBK. Lampeland Hotell

Eit flott årsmøte arrangert i Sone B, Numedal.

Fredagen (17.mars) starta med kaffi og rundstykke ved innsjekkingen på ettermiddagen. Kristin, vår dyktige sonerepresentant i Numedal ønskte velkommen med stev etterfølgd av Numedalssongen. Dernest var det den dyktige leiaren vår , Sølvi som på vegne av BBK styret ønskte velkommen til årsmøtet. Ordet gjekk vidare til Ordførar Oddvar Garaas frå Flesberg kommune. Claus Jervell, likestillings- og diskrimineringsombodet heldt eit inspirerande foredrag.

Festmiddag om kvelden. Her var det to-rettars, nydeleg middag. På menyen stod det: "Forrett: Husets gravede sik fra Norefjord og raket fjellørret-rogn fra Hardangervidda. Servert med rødbetesalsa, dampet Folva poteter fra Vestfold, rømme med lime og flatbrød fra Uvdal. Hovedrett: Langtidsbresert rulade av lammesider fra spælsaulam fra Vegglifjell og med husets hjemmelagede lammepølser, servert med ovnsbakte grønnsaker, kremet lammeskysaus med urter og kokkens potetmos/ puré." Eit herleg måltid!

Under måltidet var det både allsong og underhaldning. Sigrid Elise Fossan underheldt med song og gitarspel. ( Søster hennar var teknisk assistent). Det vart eit GODT og langt bordsete. Kvelden vart avslutta med eit gedigent kakebord med kaffi og prat. Det gode sosiale samværet..

Laurdagen starta med god frukost. Kristin hadde stadig flotte stev og songar på lur for å samle folket og starte dagen eller ei ny økt. Vi var samla 85 bygdekvinner til dette årsmøtet. Imponerande mange! Referat kjem...