Resolusjon - Matglede er god eldreomsorg

Hordaland Bygdekvinnelag meiner det er viktig med lokalprodusert og lokalt tillaga mat til bebuarar og dagpasientar på institusjonar og til heimebuande hjelpetrengjande. 

Det er viktig at alle får høve til å kjenna lukta av heimelaga mat, dette representerer noko kjent.  Me meiner dette fil fremja matlysta, gode matopplevingar og gode samtalar t.d. om mat og mattradisjonar.

Det vil vera lettare å tilpassa behova til kvar enkelt brukar, både når det gjeld diettar og ekstra tilføring av næringsstoff.  Alle eldre må få høve til å eta kortreist, god og heimelaga mat livet ut.

 

Fitjar, 3. april 2017

Med helsing

For HORDALAND BYGDEKVINNELAG

Bjørg Strømme

leiar