Fylkesårsmøte i HBK 24.mars 2012.
Stad: Ullensvang Hotel i Ullensvang herad.
Frammøte: Utsendingar frå 23 lokallag av 35 b.kv.l. i Hordaland.
Årsmøte vart opna med ein song av tilskiparlaga, Børve/Sekse og Odda b.kv.l.
Ordføraren i Ullensvang herad: Solfrid Borge ynskte oss gode bygdekvinner velkommen i
kommunen. Ho sa mellom anna, at no var me komne til ”Noreg sin største frukthage”, eit flott herad som det er dyrt å driva. Ordføraren sjølv er ei bygdekvinne og meinte at bygdekvinnene er kulturberarar nr.1.
Ord for dagen fekk me av ein innflyttar til Lofthus, diakon Anlaug Engemark.
Deretter var det HBK leiaren sin tale ved Liv Spilde. Ho heldt ein solid tale og kom ikkje med kvasse oppmodingar til bygdekvinnene denne gongen. Talen var innom aktuelle tema som medlemstalet og verving, den etterkvart kjende matoppskriftstafetten som går over heile landet. Snakka litt rundt påstanden ”Bygdekvinner er for feite!” at aktivitetsnivået er lægre på bygda enn i byen. Tilslutt var ho innom oppropet til HBK frå i fjor, ”Me vil ha rein norsk mat, produsert i Noreg”.
Ifrå NBK kom Margunn Nedrebø som er leiar for kultur/politisk utval i sentralstyret. Ho hadde mykje på hjarta og NBK har mange ”jern i elden”. Nokre av sakene ho var innom:
Eit kvinneprosjekt i Mozambik – den nasjonale matoppskriftstafetten – GMO – satsingsområde for 2012 – 2013 er rotgrønnsaker (”hekta på røtter”). Margunn fortalde og at NBK har fått 754 nye medlemmar i 2011, og har gjeve ut eit nytt hefte kalla ”sunn matglede”.
Før matøkta midt i årsmøte kom 5.generasjon i Utne huslyden – Barbara Zqnoni Utne – inn og fortalde om dei sterke damene som har fått hotellet opp og fram!!
Årsmøteforedraget var i år delt mellom to unge damer: Agnete Sivertsen frå Grimo b.kv.l. som fortalde om kvardagslege problem og gleder som innflyttar til ein Hardanger kommune.
Therese Rykkje Aalvik, lokallagsleiar i Øystese b.kv.l., snakka om korleis det er å vera ny i eit lokallag. Det var utruleg taleføre damer som fekk sagt mykje godt.
Ringøy b.kv.l. var det lokallaget som hadde verva flest nye medlemmar i 2011. Laget fekk eit NBK flagg for innsatsen.
HBK styret hadde fremja ei sak til avrøysting på årsmøte: ”Ny struktur på årsmøte”. Det stod mellom to alternativ: ifrå fredag til sundag (som før) eller frå fredag til laurdag ettermiddag (då med ei overnatting.) Fleirtalet på årsmøtet ynskte å halda fast på den gamle strukturen.
Valnemda fekk gjennomslag for framlegget sitt til val. Det nye styret i HBK er soleis:
Leiar : Liv Spilde(Bjørgum B.kv.l.) attval
Nestleiar: Eli Totland (Tysnes b.kv.l.) ny
Styremedlemmar: Eli Totland (Tysnes b.kv.l.) ikkje på val
Brynhild Tennebekk Bjørke( Bjørgum b.kv.l.) ikkje på val
Liv Solfrid Lono (Odda b.kv.l.) ny
Åse Kleppe (Osterøy b.kv.l.) ny
Åsa Gunnarsdottir ( Ulvik b.kv.l.) ny
1.vararepresentant: Else Helleland (Omvikdalen b.kv.l.) attval
Årsmøtedagen vart avslutta med ein god middag i ein flott spisesal på Ullensvang hotell, der husverten Edmund Utne heldt ein historisk festtale med sus i.
Fylkesårsmøte 2013 skal vera i Øystese helga 15. – 17.mars. Vel møtt!!

