Onsdag 7. mars samlast 250 personar på Bjerkreim samfunnshus for å høyre professor i sosialmedisin Per Fugelli snakka om helse og livskvalitet med samfunnsutviklinga som bakteppe.
Fugelli fanga heile forsamlinga, det var musestilt i halvannan time.
Han delte helsa inn i fem deler, der kroppen var ein del saman med nettverk, trivsel og alt me har rundt oss, og han snakka om kor viktig det er å bli sett og verdsett for å ha ei god helse.
Om samhandlingsreformen og korleis den vil påverka kvar enkelt av oss, forklarte kommunelege Knut Vassbø godt.
Kreftsjukepleiar Øyvor Sønstabø fortalte om konkrete situasjonar som helsepersonell må handtera, noko som rørte publikum til tårer. Verdighet i siste fase av livet var ho spesielt oppteken av. Øyvor meinte at frivillige organisasjonar kunne gjere fleire oppgåver i samband med førebygging av sjukdom.
Songfuglen Magnhild Hadland ga oss frysingar på ryggen, der Gabriellas song var toppen.
At publikum kom inn i ein sal med levande lys og tusenfryd på dekka bord ga trivsel, bemerka Per Fugelli. Han hadde vakna om natta og lurt på korleis ein kunne klara å koke suppe og baka rundstykker til 250 mann... Chilisuppa er herved omdøypt til "Fugellisuppa", etter møtet var slutt, kom han på kjøkkenet og fekk fleire påfyll av suppa.
Per Fugelli er ein kostbar føredragshaldar. Men me fekk søkt og fekk støtte frå sparebanken og kommunen. Gledeleg var det at Helse-, idretts-, pensjonist-, bonde- og bygdekvinnelaget og diabetesforeininga var saman om arrangementet. Oppgåvene vart fordelte og alle gjorde sitt. Det fungerte godt.
Me annonserte møtet gratis i Bjerkreimsnytt og Bondevennen og på plakatar. Me fekk og førehandsomtale i Dalane Tidende og omtale på heimesida til fleire av Dalanekommunane, BBK og RBK. Fornøgde arrangørar reknar med å gå i pluss økonomisk.
Bjerkreim bygdekvinnelag v/leiar Olaug H. Nevland.

