Ganefart 2012 er i gong, og vi håpar på mange påmelde i fylket dette året. I 2010 hadde vi 11 deltakarar. Greier vi fleire i år? Gloppen hotell vant forrige runde, kan vi få ein vinnar dette året, òg?
Serveringsstadane må sjølve melde seg på. Vår jobb er å fortelje dei om konkurransen. Krav for å vere med er at serveringsstaden ligg lands veg, på land eller til vanns, har ope minst tre dagar kvar veke i minst tre månadar .
Vi treng lokallagsmedlemmer til å vere jury for serveringsstadane.
Dette året skal "gjestens beste" kårast. Dette skjer ved at serveringsstadane får utdelt bordkort med nummer på, så kan gjestane stemme ved bruk av SMS.
Ganefart 2012
Påmeldinga til Ganefart 2012 har starta. Fristen for påmelding er 1. juni.

