På årsmøtet i Sogndal jobba vi med å finne arrangement til bruk i lokallaga. Alle punkta under er resultat av gruppearbeidet.
Korleis skal vi marknadsføre oss?
- Bruk avisa, skriv sjølv, sende til bygdekvinnelaget sine heimesider. Ta kontakt med pressa om ein har saker ein brenn for. Set gjerne saka litt på spissen.
- Skriv pressemelding sjølve både før og etter, ingen andre gjer det.
- Skryte og vise bilete i avisa og på Facebook.
- Bruk Facebook og heimeside til å opplyse om aktivitetar, få folk som bruker dette til å skrive inn.
- Plakater må settast opp rundt ikring så folk ser kva vi gjer.
- Send tekstmeldingar om ulike arrangement.
- ”Auge-til-auge-kontakt”.
- Ringe til folk.
- Send/lever ut flygeblad.
- Ein må ha gode aktivitetar/saker og formidle dette til kjente og ukjente.
- Invitere i postkassa til innflyttarar.
- Ta dirkete kontakt.
- Snakk med folk.
- Personleg invitasjon.
- Synleggjering i lokalmiljøet.
- Ver open og inkluderande.
Korleis gjennomføre møte/arrangement:
- Inkludere fleire ved å invitere små grupper nye personar med på jobben. (Max 5 personar pr gruppe.)
- Bussing til og frå.
- La dei som er flinke til kvar sine ting, gjere dei tinga. Fordel arbeidsoppgåver etter det ein har lyst til å gjere.
- Bruke skulen som arena.
- Meir verkstadorientert i staden for dei tradisjonelle medlemsmøta.
Diverse:
- Ha kortvarig (3 mnd?) gåvemedlemsskap som ein kan gje vekk til dei som hjelper oss med ulike ting.
- Arrangementa må gje positive opplevingar for deltakarane.
- Alle må føle seg velkomne.
- Positiv omtale frå medlemmane.
- Dess fleire aktivitetar, dess lettare er det for at nokon finn noko ein likar.
- Møt opp og ver med der andre arrangerer.
- La aktivitetane vere opne for alle eller invitere spesielt dei nye i bygda.
- Ver med.
Matkultur.
- Bake til arrangement.
- Utveksle tradisjonsmatoppskrifter og inkludere nye i laget vårt (kan søke studiering).
- Modernisere tradisjonsmaten??
- Aktivitetar i skule og barnehage.
- Stille på pangstart i 4H og hjelpe og inspirere dei som skal lage mat.
- Bygdekvinnekokka (ei av fleire frå laget som lagar tradisjonsmat på ulike stadar til ulike tider så folk kan sjå lære og bli inspirert – kven dette er går på rundgang) (Gloppen).
- Felles julebakst (eller andre tider på året) med nye folk.
- Bruk mat som brubyggjar.
- Inviter fleire generasjonar.
- Alle tar med noko dei ser på som tradisjonsmat.
Kvinneliv.
- Fjellturar eller andre turar, ha gjerne to ansvarlege: ein går fort, ein annan seinare, slik at alle kan bli med og gå i sitt eige tempo. Ha nistestopp.
- Trim i sal.
- Magedans.
- Helse og mosjon.
- Turgruppe, fjelltrim, besøke stølar, kraftverk, rørgater.
- Markere 8. mars.
- Strikkekafe med jamne mellomrom.
- Brodering.
- Vevstolar i egna lokale.
- Veving av bunadsforkle og lomme.
- Arrangere fellesmåltid.
- Potetkakebaking der alle får ta del.
- Onsdagskafe på bygdetunet.
- Kaffe og kaker.
- Invitere til bakekveldar med tradisjonsmat.
- Internasjonal meny.
- Baking i lag med funksjonshemma.
- Mat med heim.
- Invitere til opne møte med felles matlaging.
- Matlaging 17.mai.
- Andre aktivitetsdagar i bygda.
- Lære opp yngre ved å halde kurs.
- Ha attraktive kurs i bygda.
- Invitere grupper til ulike tema.
- Fast julebord.
- Samarbeide og halde kulturarrangement.
- Samarbeide på tvers av organisasjonar.
- Sjukeheimsbesøk.
- Orientering om stølsliv i tidlegare tider.
- Invitere til felles frivillig arbeid i lokalmiljøet (vakt på sjukeheim, kafe).
- Bokkveld. Møtest og snakke om bøker. Bytte bøker, gje vekk bøker, anbefale bøker.
- Bygdekvinnelaget sine medlemmer strikkar sokkar til alle nyfødde i nærområdet.
- Gå på besøk med mat eller ein liten presang til nyinnflyttarar i nærområdet.
Miljø.
- Arrangere open dag med fokus på havre eller andre lokale råvarer (dyrka i Noreg, kortreist mat, miljøvennleg).
- Selje/servere vaflar med havre, havrekjeks med meir i kafeteria.
- Servere havrekjeks på skulen, eller bak dei med elevane.
- Asylsøkarkvinner lagar mat og er med oss på arrangement.
- Felles bakedag sparer straum, samling om mat.
- Basar og utstilling i same slengen.
- Arrangere kurs eller bakedag med havre som fokus.
- Kyrkjekaffe med havrevaflar.
- Julemesse med sal av havrekjeks.
- Felles rydding langs vegar og fellesareal. Køyr i lag til ulike arrangement.
- Trim i nærmiljøet.
Arbeids-, nærings- og samfunnsliv.
- Fruktservering.
- Bakedag.
- Klubbedag.
- Innflyttarar kan vise sine mattradisjonar.
- Bygdekafe.
- Diskotek for små.
- Ballett.
- Trimtilbod med apparat.
- Spaserturar.
- Stølsturar.
- Olabil-løp.
- Strikkekafe.
- Verving. (Sjokoladekurs for alle gav tre nye
