Hopp til hovedinnhold

Alvdal Bygdekvinnelag

Regionmøte

Lørdag var det regionmøte for Nord Østerdalen på Grimsbu.

Det var samla to og tre representantar frå dei ulike bygdekvinnelaga. Det var ein presentasjon av Folldal av ordførar Hilde Frankmoen Tverråen og fantastiske bileter og ord av Anne Eline Streitlien. Primar produserar bacalao i Folldal og gav eit inspirerande foredrag om bedrifta si i Folldal -  og vi fikk nydelig bacalao til lunsj. Vidare gjekk runden der alle laga gav ein kort presentasjon av året som gjekk og nye ideear for året som kjem. Det var ulik aktivtet i dei ulike laga. Nokre lag jobbar med mat og ungar mot barne- og ungdomsskule, andre samarbeidar med idrettslag. Det er gjennomgåande stor aktivitet i regionen. Vi trakk fram bokkafè, 8. mars presenterte Liv Steimoeggen "frå Burka til skidress", Hege Berghage Johnsmoen snakka om å starte bedrift, vi var innom Øines Gartneri og vi hadde aktivitetsdag på Husan Tunet. Og av nyheter presenterte vi "Nye Bygdekvinner" som eg skriv meir om under. Ingrid trakk konklusjonen om at det er flott aktivitet i området og alle må sjølve vurdere kva som er nok aktivitet. Årets satsning er "folk i bevegelse" som blir i regi av "fire årstider, fire turer".  

Eg må også nemne at vi er godt i gang med å få til eit traktor kurs for kvinner i løp av mars/april, i samarbeid med Alvdal Bondelag. 

Nye Bygdekvinner

Målgruppa er kvinner som er ny i bygda eller som har lyst å omgås andre bygdekvinner.

Eg vel å starte denne gruppa ut frå eigne erfaringar. Mi erfaring er mest frå det å vere bygdekvinne på gard og med dei utfordringane dette medbringer. Eg flytta til gard i 2013 og blei sambuar med ein bonde som då dreiv med ammekyr og som landbruksentreprenør. Sjølv om eg alltid har drøymd om å vere bonde og å bu på bygda var kvardagen som bonde og sambuar til bonde så mykje meir enn eg nokon gong kunne førestilt meg – på godt og litt vondt. Det er mykje nytt på gard. Bonden er mykje vekke og ein er mykje for seg sjølv. Livet er veldig anna som bonde. Det er noko i det alle sei om at å vere bonde er ikkje eit yrke, men ein livsstil.

I gruppa vil vi snakke om små og store utfordringar. Vi vil lage eit lite nettverk der vi kan støtte oss på kvarandre. Målet er å ha låg terskel for å ta kontakt utanom møta om det skulle vere noko ein treng hjelp til eller nokon å prate med over ein kaffikopp eller på telefon i ei kaotisk stund.

Eg håper at både erfarne og uerfarne har lyst å vere med. Når vi treffast er det ingen fastsette tema eller rammer. Vi skal vere sosiale og ha ei triveleg stund i lag med andre bygdekvinner.