Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Pynting av Vangskyrkja


Pynting av kyrkja til Hausttakkefest 30.september

Tredje oppdraget til Bjørgum bygdekvinnelag denne helga, var pynting av Vangskyrja til hausttakkefest. Dette er noko me ikkje gjer kvart år. Det er stemningsfullt å pynte den flotte kyrkja vår i haustfargar. Så me sa ja, sjølv om det var ei travel helg for oss. Derfor forsette ein del av oss direkte frå Smalahovesleppet til kyrkjepynting. Veldig kjekt at sokneprest Kjersti Brakestad Boge var til stades under pyntinga. Ho kom med gode innspel om kvar det var lurt å plassera pynten, og ho skrytte mykje av alt det fine me hadde med. Når ni damer tar med litt pynt kvar, vert det mykje fint tilsaman. Dei fleste av oss tok turen til kyrkje dagen etter. Det var ei fin gudstjenesta med flott preik, dåp, nattverd og kyrkjekaffi til slutt.

Tekst: LIv Spilde