Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Ein magisk kveld i skogen

Refleksorientering i vakkert måneskin


Bygda i bevegelse - vinterturen

Mandag 6.februar avslutta me prosjektet Bygda i bevegelse, 4 årstider - 4 turer i samarbeid med den lokale 4H klubben Lystig. Ein gjeng flotte ungdomar, som og var med oss på vårturen. Vinterturen samla mykje folk. Me var 68 personer som gjekk i samla flokk til Istadmyrane, mange born og unge, nokre foreldre, besteforeldre og bygdedamer. Ein livleg gjeng, klar for refleksorientering. For oss arrangørane var det kjekt å sjå alle lysa som bevega seg rundt i mørkre, på leit etter 6 poster med ulike spørsmål av varierande vansklegheitsgrad. Etterkvart som gruppene kom i "mål" fekk dei servert eplegløgg, laga på stormkjøken, og dei som ville, grilla pølse og pinnebrød på bålet.Me avslutta med premieutdeling. Alle laga leverte ein super innsats. Takk til alle de som møtte opp,og var med oss på tur. Håpar de hadde det lika kjekt som oss !