Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Nyttårsfest på Bø Sjukeheim


11. januar 2017. Den årlege Nyttårsfesten  på Bø Sjukeheim,

Så var vi igjen samla på Sjukeheimen. Bra frammøte ca. 55. Leiaren vår Helga Eika ønskte velkomen til alle. Underholdningen begynte med fire ungdomar frå Bø Musikkskule, to jenter og to gutar. Dei underheldt oss med fin pianomusikk. Deretter las Aslaug Farnes ein stykke som omhandla slik vi har det i dag og slik tida var før for mange år sidan, Tittelen var "Litt rart...."  kloke ord til ettertanke. Deretter vart det servera blautkaker, julekaker med kaffi inntil. Praten gjekk lett, såg ut som alle hadde det bra. Som avslutnng underheldt kvedaren Kittil Brekke, flott innslag av ein kunstnar på dette område. Deretter takka Helga alle frammøtte, ønskte alle vel heim.