Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Sumartur i samband med "Bygda i bevegelse". Fire årstider-fire turar.

Sumartur i samband med "Bygda i bevegelse". Fire årstider-fire turar.

Tur til Vihussetra på Lifjell. 17. august 2016

Sumartur i samband med "Bygda i bevegelse". Fire årstide - fire turar.

Vi var samla på Vihusvollen i solskinn og med sauene rundt oss på alle kantar. 14 var med på denne turen, som var den  tredje av fire årstider. Helga ønskte alle velkomen. Bjørg Idland, som eig setera saman med familien sin, fortalde historien om drifta heilt fra gamal tid og fram til i dag. Fleir som var til stades hadde og forteljingar relatert til Vihus.  Vi var ei lydhør forsamling. Mykje har skjedd opp gjennom tidene her.

Det var satt opp postar rundt om i området med spørsmål, difor vart det ein skogstur på oss også.

Kjersti las diktet "Vihus" av Margit Sønstebø. Så vart bålet tent, når eisa var varm nok tok Anne Grethe fram vaffeljern og røre, deretter koste vi oss med nystekte vaflar og kaffi. Vi hadde og med grønnsaksuppe, dette smakte godt.

Det var ein fin kveld, når sole byrja gå ned, samla vi oss for heimturen.