Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Fyresdal bygdekvinnelag feira 80 års jubileum

17 medlemar møttes på Fossum sundag 12. november. Det blei ein gild kveld med god mat og gode kaker. Vi hadde underhaldning, Kristi Kinsarvik fortalde om Inger Hagerup sitt liv og diktning, og komiteen las artige utdrag frå gamle protokollar.

 

Ein stor takk til komiteen, Ingebjørg, Tone og Berit, for ein fin kveld.