Hopp til hovedinnhold

Gloppen Bygdekvinnelag

Aprilmøte til Gloppen Bygdekvinnemøte

Aprilmøte


Aprilmøte for Gloppen Bygdekvinnelag vert tysdag 4. april.


OBS! Merk at møte er flytta frå den faste møtedagen som er andre tysdag i månaden, til første tysdag. Dette grunna påska.  


Gloppen Bygdekvinnelag har invitert med seg Lote og Henden Bygdekvinnelag denne gangen. Møtestad vert Nordfjord Folkemuseum. Der vil vi få kåseri av direktør ved museet Anne Kristin Moe. Liv Fritun spelar brureslåttar. Bruredraktene som bygdekvinnelaget eig vil også vere utstilte.


Det er blomstermøte og vi delar avleggarar. Alle tek med seg ein avleggar, og dei som ikkje har avleggarar, kan ta med seg ein blomst eller td. vårløkar, frø etc.


Vi tek med oss eit pålegg til eit felles kveldsmåltid. Det vil vere noko ekstra godt denne kvelden.


I tillegg blir det faste postar som allsong, sjå kva eg fann, lagssaker og ord til ettertanke.


 


Vel møtt!