Haustmøte på Gloppetun!

Haustmøter i bygdekvinnelaget!

Møta i bygdekvinnelaget startar opp igjen for haustsesongen.

Første gang er 12. september og då skal fylkesleiar Jenny Myklebust informere. Under kan du lese pressemeldinga av dette møte som står i Firda Tidend. 

17. oktober er det årsmøte og underhaldning ved ei gruppe av Soul Children.

14. november er det Indre Gloppen som har ansvar for møte

12. desember er det Adventsmøte med utlodding. Ansvar: Sørstranda.  

Møta byrjar kl 19.30 og er på Gloppetun (2.etg over Gloppebua).

Ein sommar er over også for bygdekvinnene

No startar vi opp igjen med haustmøte på Gloppetun som er den faste møtestaden vår. Jenny Myklebust er leiar for Sogn og Fjordane fylkesbygdekvinnelag. Ho er gloppar og kjem frå vårt lag, og denne kvelden skal ho ha noko av programmet. Det skal bli kjekt å møtast til sosialt samvær rundt kveldsbordet med god mat og tid til ”go` søje”.

Møta i bygdekvinnelaget er opne for alle, så du er hjarteleg velkomen, sjølv om du ikkje er medlem. Vi brukar å ha møte ein tysdagskveld for månaden. Vi har også turar, og vi tar ansvar for bygda vår med å vere med på samfunnsnyttige tiltak.

Velkomne, både nye og gamle medlemar!

Helsing Gloppen Bygdekvinnelag