Hopp til hovedinnhold

Gloppen Bygdekvinnelag

Kakebord under Matamål


Laurdag 30. september er det Matamål på Sandane. Bygdekvinnelaget stiller med mange og gode heimelaga kaker. Kom og kjøp!

Gloppen Bygdekvinnelag sel kaker og kaffi under matamål laurdag 30. september.

Vi held til i Gloppetun, 2. etg over Gloppebua og i eige telt på Heradsplassen og har ope kl frå til 11 til kl 16.

Det vert mange ulike kaker å få kjøpt, og i tillegg muffins og kanelbollar. Vi har også kaker for dei med allergiar (gluten, egg, mjølk, nøtter og sukker)

Kom og nyt kaker og ein kopp kaffi i godt sosialt lag!