Adventstemning

Adventsfest

Tidspunkt: 
Torsdag, 7. desember 2017 - 18:30
Sted: 
Kafé Olea, Heddal

07.

des

Adventsfest med inviterte gjester

Heddal Bygdekvinnelag inviterar til den årlege adventsfesten på Kafé Olea førstkomande torsdag. Der får vi besøk av Vilde Kvernstuen Grimsrud. Ho vil fortelle om prosjektet "Brannskadde barn i Etiopia", og kva som blir gjort for desse hardt ramma barna i dette landet. Bygdekvinnelaga i Sauland, Tuddal, Sauherad og Bø er inviterte saman med Helselaget lokalt her i bygda.  Sokneprest Liv Espeland Jettestuen  vil også gje oss nokre tankar kring adventstida. Utlodninga denne kvelden går til det aktuelle prosjektet vi høyrer om og festkomitén syter for god servering.