Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Aasmund Nordstoga, foto Marcel Lelienhof

Jubileumskomitéen

Styret 2018

Heddal Bygdekvinnelag 90 år


Fleire arrangement i jubileumsåret

Heddal Bygdekvinnelag er eit av dei eldste laga i Telemark. Det blei stifta 21. april 1928. Bygdekvinnelaget har i alle år engasjert seg i lokalt kulurarbeid og med andre interesseorganisasjonar. Når vi nå skal feire 90 års jubileum har vi også invitert nokon av dei vi har hatt samarbeid med gjennom alle desse åra.

Lørdag den 21. april i år vil vi markere dette jubiléet med ein fest på Kafé Olea kl. 16.00. Sjølsagt håpar vi så mange som muleg vil vere med på denne markeringa. Påmeldingsfristen var satt til 15. mars og vi har med ektefelle/ledsager og blir ca. 75.

Kuvertprisen blir kr. 350,- pr. person. Det vil bli servert middag og kaffe/kaker

Underhaldning:

Kveldens kjøgemester er leiar i laget Vera Tinnes Solås.

Bygdekvinnelaget sitt arbeid gjennom 90 år v/Bjørg Berg Sem

Prolog v/Inger Solem Sauar

Helsingar frå inviterte gjester

Så gleder vi oss til å høre den kjente songaren og kåsøren Aasmund Nordstoga frå Vinje

Allsang og hyggeleg samvære

Bygdekvinnelaget sponsar ein god del denne kvelden.

Aktivitetsdag på Heddal Bygdetun 16. juni

Denne dagen samlast vi på bygdetunet. Program kjem seinare, men sett av dagen.

Tur til Oslo 11. august

Den dagen besøker vi Det Kongelege Slott og kanskje vi også kan kome i "Stallen" der Dronning Sonja har si utstilling. Det blir eigen buss frå Heddal, og før vi dreg heim att skal vi ha eit måltid på Ekeberg-restauranten.