Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Laila serverer Telens redaktør

Sjokoladepudding

Torgdag med smaksprøver

Heddølene ville ha Flesk og dubbe

Kven vinner?

Vinneren er Randi S. Retterholt

Gjeddekaker og spa

Grisepølse og kaker

Trollkrem

Tradisjonsmat


Vi jakter på tradisjonsmat

Heddal Bygdekvinnelag samarbeider med avisa Telen og håpar mange vil vere med på å skaffe gode oppskrifter på tradisjonsmat i Heddal. Det blir annankvar lørdag presentert oppskrifter i avisa. Og ikkje bare det, vi lyser ut konkurranse om den mest smakfulle retten. Og gevinsten - er heder, ære og ein dag i "kjøkkenmodus" med ein lokal superkokk. Men - først og fremst er dette eit forsøk på å få fram alle dei gode matrettane vi har hatt i bygdene våre. Ta bilde av retten, send med oppskrift  til Telen og ver med!

På kjøkenet til leiaren vår, Vera, var også Randi Brøndahl, Astrid Haukvik og Laila Glittenberg Moen.

Her er oppskrifta på Kål i kjøtt med rotgrønnsaker:

2 kg. svineknoke, lettsalta, 1 1/2 lammebog, lettsalta, 6 gulrøter, 1 kg. kålrot, 1 kg, kål, 1 stor pastinakk, 1 ss heil pepar

Slik gjør du: Del kjøtet i passe stykke og sett over i usalta kaldt vatn, Kok opp og skum av i den tida det kokar som er 1  1/2 til 2 timar. Del grønsakene, kål i båtar og dei andre i skiver. Has i kjelen med kjøt ein halv time før kjøtet er ferdig.

Oppskrift på Sjokoladepudding frå Heddal:

Ca. 150 g kokesjokolade, 3,5 dl mjølk, 2 ss farin, 1 ts vaniljesukker, 8 pl. gelatin, 3,5 dl fløte.

Kok opp mjølk, sjokolade, farin. Press vatn av gelatinen etter at den har ligge i kaldt vatn, og ha i blandinga. Stivpisk fløte og ha den lett i den avkjølde blandinga. La den stivne.

Sukkerbrødet: 190 g, farin, 6 egg som piskes til eggedosis til den er heilt tjukk.180 g kveitemjøl, 1/2 ts bakepulver siktast og vendast forsiktig i. Steiketid 170 grader i ca. 40 min.

Vaniljesausen: 5 dl. mjølk, 5 dl føte, 160 g farin, 1 vaniljestang kokast opp. 10 eggeplommer rørast saman og visp fløtemjølka inn under kraftig omrøring. Sausen skal ikkje overstige meir enn 85 grader. Når sausen har tykna, silast den i ein gong og kjølast av.

Sjokoladepuddingen og sukkerbrødet leggast lagvis med piska krem etter "smak og behag". Pynt med sukkertoppar og server med heimelaga vaniljesaus.

Velbekommen!

Det kom inn over 20 oppskrifter til denne tradisjonsmatkonkurransen. Og av dei 5 rettane som stod att var det Flesk og dubbe folk ville ha. (46%) av Telens lesarar. Vinnaren Randi S. Retterholt får vere ein dag med mesterkokken Helge Bråten.

Så får vi sjå om det kan bli eit hefte med oppskrifter frå distriktet her.