Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Festglade bygdekvinner.

TUSEN TAKK for flott underhaldning!

Randi og Torhild. TUSEN TAKK for flott spel!

Gåve frå Storesyster Hovet BK

Helsing frå BBK v Inger Margrethe til leiar Ingunn. Anne Nedremyr foran.

Vi takkar Inger for eit nydeleg måltid.

Festbord

Frå h.: Leiar i laget, Ingunn, Æresmedlem Anne, BBK representant Inger Margrethe og Kvekdens kåsør Maria.

Hol Bygdekvinnelag 60 år 2017


Vi var samla til 60 års jubileumsfest 8. mars 2017. Vi feira våre 60 år på Inger's Kro i Myrland.

Kvelden starta med flott underhaldning av fire flotte ungdommar, Søstrene Lilleslett, Johanne, Liv og Eirin og Tuva Skøyen Grue. Her vart det både langeleik og felespel og fine songar. Leiaren vår, Ingun Asperheim Nestegard fortalde ei fin lagssoge. Det var interessant å høyre om laget gjennom 60 år. Fantastisk flott var det for uss at Anne Nedremyr kunne koma på jubileumskvelden. Ho var den som saman med Kari Holshaga fekk ideen om å starte Bondekvinnelaget i Hol. Det hadde seg slik at då Anne skulle leie ei kyr til uksen i Holshaga, var uksen svært "treig av seg". Gardskjerringane fekk god tid og planla Hol Bondekvinnelag som seinare det året (1957) vart stifta heime på Nedremyr. Åshild Aamodt var også ein av dei som var med på stiftingsmøtet, men ho hadde ikkje høve til å vera med på jubileumskvelden. Både Anne og Åshild er æresmedlemmar i laget vårt.

Me fekk servert ein nydeleg middag. Forretten var laks og eggerøre med rista brød. Hovudretten var reinsdyrsteik med blomkål purré, erter og gulrøter, poteter og himmelsk saus. Sidan på kvelden var det kaffi og blautkake. Vi seier TUSEN takk til Inger for nydeleg servering. Ragnhild Nestegard takka for maten med mange artige utsagn om mat.            Gjestene våre var Storesyster Hovet BK som er 19 år eldre enn uss. Britt Kaupang overleverte flott gåve, ein fin furusponløper. Inger Margrethe representerte Buskerud Bygdekvinnelag. Ho hadde med helsing og gåve frå BBK. Ein annan gjest var Maria Søndrål som kåserte og las dikt om Einar Seim, den gamle skulemeister gjennom mange år i Holsbygda. Inger Margrethe Medhus hadde sett saman ein bildeserie frå laget og synte Power Point.  Det vart ein flott featkveld. STOR TAKK til festkomiteen, styret!

.