Dyktige bygdekvinner lagar formiddagsmat til nær innpå hundre!
Heimebaka grovbrød!
Mykje sunn og god mat.

Skulelunch, torsdag før påske.

Hallingskarvet skole fekk bygdekvinner frå Hol BK og Hovet BK på besøk med masse GOD og SUNN mat! Heimelaga grovbrød i fokus.

 Det var triveleg å laga til lunch på Hallingskarvet skole, seier dyktige bygdekvinner frå Hol og Hovet. Dei metta 80 ungar og nesten 20 vaksne. Alle storkosa seg og åt minst det dobbelte av kva dei gjer til vanleg. Fin ro ved matbordet, fine , gule påskebord. Det gjekk med 12 brød og 25 liter mjølk, heimebaka grovbrød og mjølk rett frå fjøset! Tusen takk til alle som bidrog og hjelpte til!   im