Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

70 år!


70-års jubilanten Kinsarvik Bygdekvinnelag (skipa som Kinsarvik bondekvinnelag) er framleis oppegåande og vital.

På lagsmøtet i Fjordahallen måndag møtte 20 av medlemmene opp. Her vart det bl.a. diskutert aktivitetar for laget i jubileumsåret og ein del arbeid i samband med dette vart fordelt. Det vart valt komite som skal førebu jubileumsfesten til hausten. Datoen er alt fastsett til 13. oktober. Laget vil og prøva å få til eit jubileumsskrift og det vert utlodding på bok (jubileumslotteri) i samband med kakedagen i juni. Meir oppdatering om feiringa kjem utover året. Følg med!