Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Adventsmøte


Kinsarvik Bygdekvinnelag sitt desembermøte, Adventsmøtet, var også i år lagt til Borstova.

Mange  hadde funne vegen til Borstova denne kvelden . Me var 25 stykk, medlemmer med innbedne gjester.  Leiaren av NAV Ullensvang, Ingvild Sperrevik, kom for å fortelja om eit prosjekt NAV arbeider med, kalla Levekårsprosjektet. Hovudmålet med dette arbeidet er å få redusert barnefattigdom. Ho heldt eit interessant og tankevekkjande innlegg og fekk fram at barnefattigdom ogå er eit aktuelt tema i vår kommune.Til slutt snakka ho om «innsamlingskorga» på Spar i regi av NAV.  I denne korga kan ein leggja jolegåver, matvarer mm som deretter vert fordelt til dei som treng litt ekstra til jolefeiringa. Møtelyden sa seg samd i at bygdekvinnelaget yter ein sum det kan kjøpast varer for til denne innsamlinga. 

Derettet stod matøkta for tur. Som vanleg var det mykje å kosa seg med. Praten gjekk livleg rundt borda heilt til Jorunn braut inn og fekk damene med på ein jolaquiz. Det viste seg at her hadde dei ikkje  gløymt barnelærdommen sin. Dei visste  namnet på dei vise menn, og kunne plassera utdrag frå jolesongar til rett jolesong. Verre vart det å finna ut kva jolenisse heiter på Island. Her kom det forslag både om Fjosmannur og Jutlen, men han heiter Jolasveinn.

Utlodding hadde me denne kvelden og. Og det vart sjølvsagt kveikt adventljos og lese adventsvers. Til slutt las Helene eit stykke frå joleheftet « Jol i bygda» Stykket heitte «Juletid er minnetid»

Det vart ein fin adventskveld i Borstova saman med hyggelege bygdekvinner.