Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Julegateopning


Økonomisk suksess for bygdekvinnelaget.

For første gong deltok Kinsarvik Bygdekvinnelag  på julegateopninga i Kinsarvik. Det var ikkje så mange som hadde stand og tilbydde noko å selja utanfor Gløyp den 25. november, og det var heller ikkje så overvettes mykje kjøparar som kom forbi. Men dei som kom kjøpte i alle fall julekaker, så me i bygdekvinnelaget var storfornøge med dagen!  Medlemmene hadde på førehand baka julekaker og lagt i boksar og posar og utover dagen steikte Helene mjølkekaker på takke. Svært populært! Me hadde også nokre fine kakeboksar (fulle av julebakst) og eit par fruktkorger til utlodding. Og loddsalet gjekk strykande! Trekninga var like før nissetoget kom forbi kl 5 om ettermiddagen.  Heldigsvis var det opphaldsver og ikkje altfor kaldt å stå utandørs heile dagen, så alt i alt vart det ein triveleg dag.