Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Lesarinnlegg frå HBK


Leiaren i Hordaland bygdekvinnelag, Bjørg Strømme, har sendt dette lesarinnlegget og oppfordra lokallaga til å senda det til sine lokalaviser. Helene har sendt innlegget til HF på vegne av Kinsarvik bygdekvinnelag

Kva skal vi ha til middag?

Til middag i dag – og i framtida – vil vi i Kinsarvik Bygdekvinnelag ha rein, sunn og trygg norsk mat. Mat som er produsert på små og store gardar, frå flatbygd, fjord og fjell. Jordbruksoppgjeret er avgjerande for om det er dette som kjem på menyen.

 Til middag i dag – og i framtida – vi vi ha mat frå innovative bønder som tek i bruk ny teknologi på garden sin. Og vi vil ha mat frå bønder som held gamle teknikkar i hevd for å kunne gje oss unike smakar av lokale mattradisjonar.

 Vi veit at maten vert tryggare å ete når den er produsert på små og store bruk som er spreidd over heile landet. Vi veit at maten er bærekraftig produsert når den tek utgangspunkt i lokale og norske ressursar. Det er den maten vi ønskjer å servere. Det er den maten vi ønskjer å nyte.

Vi i Kinsarvik Bygdekvinnelag vil ha eit jordbruksoppgjer som gjev bøndene rammevilkår til å drive ein framtidsretta og bærekraftig norsk matproduksjon. Slik kan jordbruket bidra til eit rikt matmangfald, eit vakkert kulturlandskap, styrka beredskap og levande bygder over heile landet. Og ikkje minst rein, sunn og trygg norsk mat på middagsbordet, i dag og i framtida.

 Mvh

Kinsarvik Bygdekvinnelag