Brudeparet Dina Moen og Simen Ytre, og forloverane Grethe Bakken og Erling Kjøk
Brudeparet Dina Moen og Simen Ytre, og forloverane Grethe Bakken og Erling Kjøk
I Glømsdalsstugu i Presthaugen, Lom bygdamuseum var det matservering
I Glømsdalsstugu i Presthaugen, Lom bygdamuseum var det matservering
Lom Bygdekvinnelag ynsjer gjestane velkomne
Lom Bygdekvinnelag ynsjer gjestane velkomne
Stappfullt i Glømsdalsstugu. Elevane i 8.klasse, saman med besteforeldre.Neregare 85 personar!
Stappfullt i Glømsdalsstugu. Elevane i 8.klasse, saman med besteforeldre.Neregare 85 personar!
Brudeparet til bords.
Brudeparet til bords.
Bryllaupsgjestar
Bryllaupsgjestar
Etter middagen var det dans, som seg hør og bør!
Etter middagen var det dans, som seg hør og bør!
Triveleg!
Triveleg!
Heile klassa samla !
Heile klassa samla !

Bondebryllaup i Lom

For 33. gong arrangerte  Lom Ungdomsskule i saman med Lom Bygdekvinnelag sist fredag, Bondebryllaup for 8.klassingane i Lom!

Dette var det 33. bryllaupet, og det har heile tida vore eit fantastisk godt samarbeid mellom ungdomsskulen og bygdekvinnelaget i Lom, seier Aud Sørhage ved skulen. 

Dette er ein fin tradisjon som ungane gler seg på. Hest og kjerre ei runde på Bergom, sentrum i Lom, før turen går til Presthaugen, Lom sitt bygdemuseum.

Der har Bygdekvinnelaget dekka og gjort i stand i Glømsdalstugu . Det serveres rumgraut og rau saft til alle gjestane. I år var det godt over 80 til bords!

Etter middagen er det polonese og dans på dansegolvet i Presthaugen, som seg hør og bør. 

Dette er ein fin tradisjon som både Bygdekvinnelaget og skulen set stor pris på så dette håpar vi fortsett i mange år til!!

 

Alle foto: Gunn Karin Teigum