Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygda Sirdal 2017


Sinnes skulebibliotek og Sirdal bygdekvinnelag inviterte for fjerde år på rad til Peparkakebygda Sirdal.

Det kom inn 15 flotte bidrag. Eit par byggverk kom dessverre for seint til kåringa, men alle fekk premie på juletrefesten på Sinnes skule 19. desember; litt meir Non Stop. Ein vinnar må det kanskje vera, og den vart trekt blant alle bidraga. Signe Bøgwald Karoliussen vart den heldige denne gongen. Gratulerer!

Har du lyst til å vera med neste gong? Me vil gjerne ha mange bidrag frå heile Sirdal, så det er berre å gå i gang med langtidsplanlegging til Peparkakebygd Sirdal 2018!