Den årvisse skulelunsjen

Tysdag 6.februar 2018 var det atter tid for bygdekvinnelaget å svinge seg på kjøkkenet i Skare grendahus.  Den årvisse skulelunsjen sto for døra. I år var det 17. gongen laget laga til lunsj for skuleungane.

 Det vart handla inn mat,frukt og pålegg  i store mengder.  Havrebollar vart bakte og vi damene møtte opp klokka ni. - klare til dyst.  Vi veit at skuleungane (og lærarane) ser fram til dette kvart år.  20 damer møtte fram og straks over klokka elleve toga skuleungane inn i matsalen. I alt 57 elevar og 10 lærarar (ikkje alle var til stades denne dagen)

Det vart ei flott matøkt. Alle var vel nøgde og skrytte av stunda. Etterpå hadde vi damene matøkt og medlemsmøte før me rydda fint og for heim.

Vel møtt igjen neste år.

 

Skulelunsj.