Hopp til hovedinnhold

Skare Bygdekvinnelag

Strikkekafe

Onsdag 14.februar 2018 inviterte Skare Bygdekvinnelag til strikkekafe. Dette er ein ny aktivitet som vi no prøver å få til.

Strikkekafeen var åpen for alle interesserte.  Vi selde kaffi og vafler rimeleg. Vi var veldig spente på om det ville komme folk.  Møtet starta klokka seks om kvelden og folk kom det.  Det var kjekt at det kom en del yngre damer,  og også fleire damer som hadde med rokkar og viste oss korleis dei karar ull og spinn garn.  Veldig interessant og kjekt. 

Praten gjekk livleg rundt borda mens strikkepinnar og rokkar durte i vei. Det vart nokre kjekke timar med kaffi,te og vafler og jamvel eit lite lotteri med fine gevinstar.

Tilbakemeldingane gjekk ut på at dette var veldig kjekt og at alle gjerne såg at det vart gjenteke.