Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Klar til innsats !

Klar til innsats !

Kjekt med inspeksjon av bebuar og tilsett.

Kjekt med inspeksjon av bebuar og tilsett.

Skvalderkålet må gi tapt for desse damene!

Skvalderkålet må gi tapt for desse damene!

Skikkeleg vasking altså !

Skikkeleg vasking altså !

Mange, mange stolar!

Mange, mange stolar!

Løytnantshjerte i full blomst.

Løytnantshjerte i full blomst.

Dugnad i Sansehagen


Måndag 14. mai var det tid for vårdugnad ved Valldal Sjukeheim.

12 kvinner og karar møtte opp og fekk gjort det meste klart til 17. mai og våren. Vi planta i krukker, ordna jordbærpyramiden og beda, klipte rosetrea og vaska masse bord og stolar og fekk dei på plass. Nokre gjorde ein formidabel innsats med baken i veret og fekk fjerna mykje av det kjekke skvalderkålet! - Ser fint ut no, men er vel grønt og frodig når vi kjem på neste dugnad!

Kaffi fekk vi frå Heimen, kaker og is sørga Else og Inghild for, då fekk vi ei koseleg prateøkt til slutt. - Tusen takk til dei som møtte opp og gjorde ein innsats !