Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Valldal Bygdekvinnelag med på paraden

Valldal Bygdekvinnelag med på paraden

Ordførar Arne Sandnes ved opninga.

Ordførar Arne Sandnes ved opninga.

Fleire lag i salen.

Fleire lag i salen

Flott hall!

Flott hall!

Tribune og galleri.

Tribune og galleri.

Ein del av gjestane,- Martine Linge og Joachim Rønneberg.

Ein del av gjestane,- Martine Linge og Joachim Rønneberg.

Flink konferansier-  Aud Lindis Ødegård

Flink konferansier- Aud Lindis Ødegård

Korps og prosjektkor på stor scene.

Korps og prosjektkor på stor scene.

Her har dei pynta og dekka på til 400 !!

Her har dei pynta og dekka på til 400 !!

Dugnad og fest på Martin Lingehuset.

Norddal kommune har fått seg hall og storstove !
1. oktober var det flott opning av anlegget og laurdag 8. oktober vart det arrangert stor bygdafest.
store og små gjorde fantastisk dugnadsinnsats både før og under arrangementa.

Takkehelsing frå leiaren vår Solveig Linge Stakkestad:

 

Gode VBK-damer!

 

Hausten har vore fin og er det framleis.

 

Det har vore mykje arbeid for mange med å gjere ferdig Marin Linge-huset. Men så har kommunen ein flott samlingsplass for innbyggjarane i alle aldrar.

Det kan vi gle oss over.

VBK vart spurd om å ha ansvar for arbeidet med mat/innkjøp/servering og organisering av dette. 

Eg gled meg også over at det var så mykje godvilje frå medlemane når det gjeldt å stille opp både på opninga og på storstovefesten. 

Mange var også med på dugnad i forkant og med å bake. 

 

Men eg  set pris på at dykk er ærlege og seier ifrå når det ikkje passar---- 

Eg tenkjer at det vart vel mykje på laget vårt, men det var godt å ta eit tak når vi vart spurd om dette. 

Dette var  ein dugnad der alle frivillige lag  vart spurd om å vere med. 

I tillegg så  kom kyrkjekaffien på same helga, så det var litt mykje på same tid for nokre!

 

Eg vil gjerne takke alle for  innsatsen dei gjorde i samband med dette! Dokke er  supre og rause damer!