Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Festpynta bord på Jordbærstova.

Festpynta bord på Jordbærstova.

Fylkesleiaren, Monika Frisvold Vågan, på besøk.

Fylkesleiaren, Monika Frisvold Vågan, på besøk.

Åresal med kaffi og dessert.

Åresal med kaffi og dessert.

Æresmedlem Lilly Sandnes

Æresmedlem Lilly Sandnes

Arne Ruset kåserte om frivillige lag i Fjørå.

Arne Ruset kåserte om frivillige lag i Fjørå.

Sten Even Holstad med flott gitarspel.

Sten Even Holstad med flott gitarspel.

Gjestane kosa seg.

Gjestane kosa seg.

Jubileumsmiddag !


VALLDAL BYGDEKVINNELAG  -  85 år i 2017

Valldal bondekvinnelag vart skipa 10.mars 1932 med Marta Dale Linge som leiar.

I 2002 vart namnet endra til Valldal bygdekvinnelag. Laget hadde 85 årsjubileum

i fjor, men feiringa kom først i år.  22. februar vart det tre retters jubileumsmiddag

på Jordbærstova. Vi møtte rundt 40 i talet, medlemer og innbedne gjestar.

Laget fekk besøk og helsingar frå fylkesleiar og utsendingar frå friviljuge lag  som er gode samarbeidpartnarar. Æresmedlem Lilly Sandnes, medlem i laget sidan 1934, først kasserar i to år, sidan leiar i mange år, vart takka med ein blomebukett. Lilly fortalde litt om kva positive verknader bondekvinnelaget fekk for bondekonene i bygda.

Arne Ruset og Sten Even Holstad stod for mykje av underhaldninga. Ruset kåserte med humor og snert om friviljuge lag i Fjørå på 50-60 talet. Holstad var ein svært dyktig gitarist. Praten stilna, og folk koste seg skikkeleg.

 

Mette Marie Døving, leiar i laget no,  nytta høvet til å lese frå lagshistoria.

Det nye laget starta opp med lagsmøte, sommarstemne,og haustfest. Det vart kurs om matstell,  bakedemonstrasjon og sildedemonstrasjon, vidare snikkarkurs og kurs i plantefarging, veving, saum og tinnsløyd.

Laget starta planting rundt kyrkja, og fekk gjennom reguleringsplan for kyrkjegarden.

Alle tekstilar i kyrkja er gåver frå  bygdekvinnelaget.

10 årsmeldinga i 1942 fortalde om 48 vanlege lagsmøte, 14 festar. 7 utferder og 6 kurs! Det har vore studieringar og diskusjonar om kreftgransking av kvinner, EF-saka, odelslov, pensjonssak, skuleordning, heildagsskule og aksjonar for kjøp av norske, lokale varer. Første olsokstemnet  var det bygdekvinnelaget som stod for.

Seterboka er det  største løftet til laget i nyare tid. Det vart ei flott bok om alle setrane i Norddal kommune.

Styret i Valldal bondekvinnelag i 1932 var:

Marta Dale Linge, Ella Døving, Olina Rønneberg, Laura Linge Muriås, Pernille Hoel.

Styret i Valldal bygdekvinnelag i 2018 er:

Mette Marie Døving, Bjørg Sætren Kleppe, Solveig Linge Stakkestad, Kristin Overå Alstadsæter, Sunneva Linge.

 

Sunneva Linge