Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Jule- og nyttårshelsing til Vbk-damene.

Jule- og nyttårshelsing til Vbk-damene.

Jule- og nyttårshelsingar.


Helsing frå leiaren Mette Marie , Solveig og Sunneva.

Kjære alle gode damer i VBK!

Takke for eit godt 2017 og håpe på eit minst like bra Bygdekvinnelagsår i 2018.

Var kanskje ikkje beste året for meg å starte som leiar for laget. Vore eit spesielt år med husbygging og innflytting no før jul.

Så føler at eg ikkje har fått følgt opp alt eg skulle, men håper det vert betre.

Er ikkje ferdig med flyttinga, men komen godt i orden. Iallfall slik at skal få til jul her. Så no startar vi på eit heilt nytt kapittel i livet.

Må også få lov å fortelle at vi vart besteforeldre for fyrste gong no i  sept.

Husk no å ikkje slite dokker ut med vasking og baking, er ikkje det som er viktigast desse førjulsdagane. Nyt dagane!

 

Så god jul til dokker alle. Og ønske om eit godt nytt år.

Ser fram til å møte dokker alle i 2018.

Helsing

Mette Marie

 

Til alle VBKarar!

Gje kvar dag sjansen til å bli den finaste dagen i livet! (Mark Twain)
Ha ei fin julehelg.

Juleklem frå Sunneva

 

Gode VBK kvinner!

Det var ei veldig fin helsing vi fekk frå Sunneva! Eg heng meg på desse gode orda-- ---
Ein stor takk til alle , det er dokke som gjer laget godt!
Ein juleklem til alle med ynskje om ei god julehelg !

Helsing Solveig