Fullt rundt borda.
Fullt rundt borda.
Solveig var festleiar.
Solveig var festleiar.
Valldal spelmannslag i aksjon.
Valldal spelmannslag i aksjon.
Full konsentrasjon.
Full konsentrasjon.
Julepynt på stova.
Julepynt på stova.

Julelag

Laurdag 6. januar  arrangerte Valldal Bygdekvinnelag i samarbeid med Den gyldne spaserstokk  julefest på Valldal omsorgssbustad.

Det vart etter kvart fullt rundt borda både av bebuarar, slektningar og folk frå bygda. Solveig Stakkestad var festleiar og ynskte velkomen med diktlesing. Deretter vart det underhaldning av Valldal Spelmannslag, - folk storkosa seg til musikken deira. 

Astrid Bakke Andersen og trekkspelarane leia allsong, - kjekt å synge julesongar ! Astrid las også  eit stykke av Alf Prøysen, og så vart det kaffi og kaker ! Og då gjekk praten livleg rundt borda, alle kosa seg i godt selskap.

Det vart også selt årar, og nokre hadde vinnarlukke,  andre ikkje !

Kvelden vart avslutta med nok eit flott innslag av Spelmannslaget , og det såg ut som alle hadde hatt ein triveleg ettermiddag i lag .