Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flott dekor !

Flott dekor !

Mette Marie ynskjer velkomen.

Mette Marie ynskjer velkomen.

Agnieszka demonstrerer.

Agniezska demonstrerer.

Mariann viser fram eit kort.

Mariann viser fram eit kort.

Ei gamal bok laga om til eit flott kort !

Ei gamal bok laga om til eit flott kort !

Dekorasjon på ei eske !

Dekorasjon på ei eske !

Interesserte  og konsentrerte !

Interesserte og konsentrerte !

Liv vart svært ivrig !

Liv vart svært ivrig !

Petra Jemtegård som var vertinne!

Petra Jemtegård som var vertinne!

God kaffimat.

God kaffimat.

Kortlaging og ville vekstar.


Torsdag 5.10.17 inviterte VBK til møte om kortlaging eller scrapping og ville vekstar.

Leiaren vår, Mette Marie, ynskte velkomen og las eit tankevekkande stykke om kva som er viktig i livet.- Deretter gav ho ordet til Agnieszka Jemtegård og Mariann Døving som var inspiratorar i kortlaging og scrapping. Dei viste fram mykje fint dei hadde laga og demonstrerte litt teknikkar. Imponerande !

Nokre kunne nok tenkje seg eit kurs.

Vi vart inviterte til å ha møtet på Jemtegarden denne gongen, og tidlegare leiar i laget, Petra Jemtegård, hadde laga nydeleg bløtkake og gjærkringle. Kjempegodt !

Ville vekstar har vi hoppa litt raskt over i år, men vi tok det igjen i serveringa her. Då vart det også moltekrem, trollkrem og blåbærmuffins. 

Til slutt vart det sjølvsagt åresal og mange heldige vinnarar.

Ca 14 frammøtte hadde ei triveleg stund i lag.

Takk for oss til Agnieszka og Petra på Jemtegarden