Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flott hengepelargonia

Flott hengepelargonia

Sommerblomster

Sommerblomster

Flotte verbena i pyramiden

Flotte verbena i pyramiden

Villige småroser

Villige småroser

Haustdugnaden i full gang.

Haustdugnaden i full gang.

Full aktivitet.

Full aktivitet.

Litt løkar må på plass.

Litt løkar må på plass.

Paviljongen vi skal sette opp. Robbin !

Paviljongen vi skal sette opp. Robbin !

Meir om Prosjekt Sansehage


Sommaren er over. Vi har hatt ein haustdugnad der vi har rydda bed og krukker. Litt løkar må plantast, og i krukkene ved inngangane kom haustlyngen på plass.

Vi har hatt 3 dugnadar i år, og også ein minidugnad på sommaren med luking og klipping.

Elles har det gått fint med vatning og pass av hagen. På Open omsorg har dei vore flinke til å vatne verandakassene med god hjelp av dei tilsette.

Bærbuskene gav ikkje så mykje avling, men nokre bær vart det å smake på. Jordbærpyramiden og tomatplanten var bra.

Kommunen skulle sørge for ny markise utanfor sjukeavdelinga, og dette kom på plass no på seinsommaren. Det  kom også opp eit gjerde for å avgrense området. Dette er eit midlertidig gjerde, og det er viktig at dei tilsette og administrasjonen ved Sjukeheimen og Loftet får uttale seg om kvar gjerdet skal gå og korleis det skal sjå ut. For pasientane er det sjølvsagt godt med rikeleg med plass.

Vi hadde også planlagt ein paviljong som skulle settast opp i hagen. Denne er no bestilt som byggesett og skal settast opp på dugnad til våren.