Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Fine roser

Fine roser

Prosjekt Sansehage


Arbeidet med Sansehagen ved Valldal Sjukeheim held fram. Det blir dugnad tysdag 9. mai kl 17.30 og onsdag 7. juni kl 16.00

Her er referat frå første møte dette halvåret. Vi har også sendt søknad om midlar. Sjå link nederst til budsjett og framdriftsplan.

 

Referat frå møte og oppsummering av arbeid april 2017

 

Prosjekt «Sansehage»

 

Oppstartmøte 2017 ble gjennomført på Frivilligsentralen i slutten av mars.

Til stede: Judith, Elinor, Mette, Inghild, Else og Bjørg

Tilsetterepresentant var ikkje til stade.

Else Rødal er valt inn i arbeidsgruppa etter Astrid B. Andersen.

 

Korleis fortsette arbeid frå 2016?

Judith hadde sett opp ein framdriftsplan for 4 år framover. Steg1. ble gjennomført i 2016.

Steg 2. står nå for tur. Sjå framdriftsplan.

For å kunne gjennomføre tiltak er ein avhengig av tilskot og dugnadar.

Største kostnad i 2017 vil vere ein paviljong med møblar. Hellelegging, innkjøp av frukttre og andre planter er store kostnadar.

Judith har kontakta kommunalsjef Hilde Dyrkorn vedr. oppsetting av gjerde og ny markise på uteplassen. NK vil ordne eit enkelt gjerde men der var ikkje midla til markiser.

Arbeidsgruppa har utarbeid budsjett for Sansehagen for 2017 på kr. 68 700,-.

Bjørg har sendt søknad om støtte til Tafjord kraft, Sparebanken Møre og Nasjonalforeningen for Folkehelse. Ein vil og søkje midla frå Gjensidigstiftelsen, Indre Sunnmøre Gjensidige btl.

Sparebank 1. og Ørskog sparebank.

Det er fastsett dato for dugnad 9. mai kl. 17.30 og 7.juni ( kl. 16.00 ?)

Bjørg lager plakatar og sender på epost. Judith utarbeider liste over oppgåver som skal gjerast.

 

Elinor foreslo tiltak for å gjere uteområdet meir tilgjengeleg for dei som bur i open omsorg. Eit hjørnerom i 1.etg har verandadør ut til hagen. Kan rommet settast i stand og bli ei hagestove for dei som bur der? Dette må avklarast med leiar for heimetenesta.

Det ble drøfta om ein skulle ha ein dugnad kl.16 den 7.juni for slik å legge meir til rette for deltaking av bebuarane. Invitasjon med tilbod om vaflar og kaffi er då nødvendig.

 

Med helsing

 

Bjørg Sætren Kleppe

dagleg leiar

 

prosjekt_sansehage_budsjett_2017.pdf prosjektbeskrivelse_sansehage_2017.pdf