Norges Bygdekvinnelag i høyring på Stortinget: "Fedrekvota eit av dei sterkaste likestillingspolitiske verktya vi har"

Norges Bygdekvinnelag deltok i dag i familie- og kulturkomiteen si høyring på den nye likestillingsmeldinga "Likestilling i praksis - Like muligheter for kvinner og menn".

Under familie- og kulturkomiteen si høyring på likestillingsmeldinga var Norges Bygdekvinnelag ein av 19 organisasjonar som presenterte sine synspunkt. Bygdekvinnelaget tok til orde for å reversere kutta i fedrekvota, og vektla behovet for å iverksetje fleire konkrete tiltak for å få fram fleire kvinnelege gründerar og sikre føreseielege økonomiske rammer for frivillege organisasjonar sitt likestillingsarbeid:

  • Familiespørsmål er ein vesentleg del av likestillingsutfordringane. Medan den norske velferdsstaten legg godt til rette for eit familieliv, er kombinasjonen av familie og arbeid framleis i stor grad eit individuelt ansvar. Norges Bygdekvinnelag meiner kombinasjonen familie og arbeidsliv burde hatt større plass i den nye likestillingsmeldinga, sjølv om Regjeringa har varsla at ei eiga familiemelding står på trappane. Bygdekvinnelaget meiner familiepolitiske tiltak er naudsynt for å få eit meir likestilt arbeidsliv, og er bekymra over at endringa i foreldrepengeordninga med reduksjon av fedrekvota allereie har gitt negative verknader. Vi oppmodar difor til å sjå på dei positive verknadene av fedrekvota og på nytt auke ho til 14 veker.

 

  • Likestillinga er ikkje i mål. Det speglast i kven som sit i leiande posisjonar. Menn har framleis høgare posisjonar og løn innanfor ei rekke sentrale samfunnsområde i politikken, i akademia og i toppleiarsjiktet i næringslivet. Både bedriftene sjølv og myndigheitene kan gjere meir for å rekruttere fleire kvinnelege leiarar. Arbeidsgivarar er pr. i dag plikta til aktivt likestillingsarbeid gjennom ei aktivitets- og redegjeringsplikt i Likestillingslova. Bygdekvinnelaget ber om at lovverket gjerast meir konkret, og at arbeidsgjevar si aktivitetsplikt ikkje må svekkast i forslaget om ny likestillings- og diskrimineringslov .

 

  • Bygdekvinnelaget har mange medlemar som er gründerar. Ein del av desse bestemte seg for å starte for seg sjølv etter fylte 50 år, då dei hadde kapasiteten, erfaringa, tryggleiken, pågangsmotet og det økonomiske handlingsrommet til å satse på sine eigne gründeridear. Det er mykje å vinne på å tilretteleggje betre for godt vaksne som ønskjer å starte eigen gründerverksemd. Bygdekvinnelaget ser at dei gode mentorordningane er viktige for gründerane og det er heilt sentralt at kommunane fullt ut kjenner til eksisterande tilbod på dette området. Bygdekvinnelaget oppmodar regjeringa til å greie ut om mogelegheita for å gje kvinnelege gründerar del i nokre offentlege velferdsordningar i ei oppstartsfase. Ei slik oppstartsordning kan tenkast å få fleire kvinner til å satse på eigne gründeridear.

 

  • Frivillege organisasjonar sin innsats er viktig i utviklinga av likestillingspolitikken. Vi meiner frivillege organisasjonar er viktige opplærings- og rekrutteringsarenaer for politikk og styrearbeid, og ein viktig veg inn i deltaking i det norske demokratiet. Bygdekvinnelaget meiner regjeringa sitt viktigaste bidrag til samarbeid med frivillegheita er å sikre forutsigbare økonomiske rammer for å støtte frivillege organisasjonar sitt vidare arbeid for likestilling.

Her kan du laste ned heile brevet Norges Bygdekvinnelag leverte til familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Opptak frå sendinga kan du sjå  her.