Hopp til hovedinnhold

Norges Bygdekvinnelag ønskjer alle ei god påske!

Administrasjonen i Norges Bygdekvinnelag tek påskeferie frå 21. mars til 29. mars.

Norges Bygdekvinnelag ønskjer alle ei god påske! Kontoret er stengt i frå 21. mars til 29. mars, men om noko hastar kan du ta kontakt med:

Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag: Tlf. 970 86 879/e-post: cesilie.aurbakken@bygdekvinnelaget.no

Skal du ut på tur i påska bør du ta med deg Sigrid Henjum sine nydelege og energirike havrebollar (12-15 stykk):

100 g Kvitseidsmør

5-8 mellomstore dadlar

3 dl økologiske havregryn

2 ss honning

2ss kakao

6 ss kokosmasse

3 ss sterk kaffi

Smelt smøret i panna og ha i dadlane. La dei ligge litt i smøret slik at det vert lettare å mose dei med ein stavmiksar. Det skal verte ei brun, jamn masse når du er ferdig. Ha i resten av ingrediensane og bland dei godt saman. Klem massen saman til små kuler (som små golfballar) og rull dei til slutt i kokosmasse. Set dei i kjøleskapet nokre timar slik at dei vert harde. Havrebollane held seg minst ei veke i kjøleskap og mykje lenger i frysen. Ta dei med på fjellet og på skitur, så kan du gå langt!

Fleire av oppskriftene til Sigrid Henjum finn du i Bygdekvinnelagets hefte «Turmat gjennom året». 

God påske!