Gustav Myraune leverar ferske grønsaker til byfolket i Trondheim. Foto: Leif Arne Holme
Gustav Myraune såg ein marknad for å levere friske, kortreiste råvarer rett heim til folk. I dag leverar han matkassene Rågo rett heim til byfolket i Trondheim.

Rågode matkasser

Gustav Myraune såg ein marknad for å levere friske, kortreiste råvarer rett heim til folk. I dag leverar han matkassene Rågo rett heim til byfolket i Trondheim.

- Rågo sine kundar er glade i mat, og vil ha dei beste råvarene frå eige nærområde og med god haldbarheit, seier Gustav Myraune, som saman med kona Hanne Askestad Myraune eig og driv Trondheims Kjøkkenhage AS,  - som Rågo er ein del av.

Myraune såg at det var vanskeleg for kundane å få tak i denne typen lokalmat i butikkane, og ville sjølv skape noko meir ut av garden sine ressursar for å kunne verte heiltidsbonde.  

Aukande interesse
Interessa for levering av ferske råvarer aukar, og under "Trøndersk matfestival" i august fekk dei heile 400 nye abonnentar. Ryktet om matkassene spreier seg frå munn til munn, og på Facebook.

- Det er fleire som er genuint interessert i å lage mat frå botnen av og ønskjer å ha måltidet som ei sosial setting. Det vert sagt at verdas største sosiale kanal er matbordet, seier Myraune.

Med Rågo ønskjer ekteparet å gje folk friskare råvarer, gjere innkjøpa deira enklere og gje folk ein moglegheit for å ta sunnare val i kvardagen.

- Borna står og hoppar og vil sjå kva som er med i kassene når matkassene kjem på døra. Vi ser at familiane som mottek matkasse har fokus på grønsaker og sunn mat, fortel Myraune.

Rågo leverar ulike matkasser, og fleire av kundane er òg opptatt av zero waste, som handlar om minst mogeleg avfall. Trekassa som varene vert levert i er gjenbruk, og det vert brukt minst mogeleg emballasje.

Ønskjer norskprodusert artisjokk og bønner
- Vi prøvar oss med litt nye grønsaker i kassa heile tida, men vi ser at det er det tradisjonelle det går mest av. Det er litt paradoksalt sidan det er dei sære tinga vi får skryt for. Difor er vi avhengig av stadig å introdusere kundane våre for nye produkt, seier Myraune.

Hjå Rågo leverar artisjokk og bønner, grønsaker som det er vanskeleg å få tak i norskprodusert. Grøntprodusentane vil utfordre det at Noreg ligg langt nord, og dyrke og levere sortar som er uvanleg i Noreg.  Asparges, artisjokk og savoykål er grønsaker som har blitt veldig populært blant Rågo sine kundar.  

- Folk flest er ikkje svoltne lenger - vi skal smake, seier Myraune.

Han  trur forbrukaren kjem til å verte enno meir interessert i nye smakar.




Mange ungdommar i bygda har ekstrajobb som køyrehjelp i verksemda.




Rågo sine kundar vil ha ferske gode norskproduserte grønsaker. Foto: Leif Arne Holme

 

Ja til norske grønsaker

Artikkelen er laga i samband med Bygdekvinnelaget sin aksjon "Ja til norske grønsaker". Målet med aksjonen er å auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker hjå norske forbrukarar.

16. oktober er verdas matvaredag, og mål 2 i FN sine bærekraftmål sier at vi skal utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk innan 2030. På verdas matvaredag vil over 130 lokale Bygdekvinnelag over heile landet markere dagen utan for sine nærbutikkar. Bygdekvinnelaget samarbeider med Gartnerhallen og vil saman setje søkjelyset på grønsaker som ei sunn og god norsk råvare.