Ragnhild Giskemo

Ragnhild sine lammekjøttkaker

Ja, vi lovte dykk oppskrifter med lam, og her kjem den fyrste, og det er frå sjølvaste leiaren vår i Ørskog bygdekvinnelag: Ragnhild Giskemo!

Lammekaker

- 500 gr. kjøttdeig av lam (kjøttdeig av storfe eller vilt kan også nyttast)

- 1,5 ts salt

- 1/2 ts peppar

- 1/2 ts muskat

- 1/2 ts ingefær

- 2,5 ss potetmjøl

- 1 ss kveitemjøl

- 1 egg

- 1/4 hakka lauk

- 2,5 dl mjølk

- smør til steiking

1. Røyr salt i kjøttdeiga til den blir seig

2. Røyr inn egg, krydder og lauk, og deretter mjølet

3. Spe litt om gongen med væske

4. Form til runde kaker og steik på begge sider

5. Ha dei i ei panne med vatn og litt salt, så dei får trekke litt. Denne krafta bruker du i sausen.

 

Brun saus:

-3 ss smør

- 3 ss kveitemjøl

- 4-5 dl kjøtkraft

1. Brun smør og mjøl

2. Spe med kjøttkrafta - rør godt og la det koke opp.

3. Skru ned temperaturen og tilsett kjøttkakene

 

Kålstuing:

- 750 gr snitta hodekål*

- 3 dl vatn

- 1/2 ts salt

- 2 ss margaring

- 2 ss kveitemjøl

- 4 dl mjølk

1. Finsnitt kål og kok den i lettsalta vatn til den er mjuk

2. Slå av kokevatnet

3. Smelt smør og røyr inn mjøl

4. Spe med mjølk, og røyr heile tida så det ikkje klumpar seg

5. Smak til med salt og muskat og bland inn kålen

Server gildet med tyttebærsylte, poteter og gulrot.
 

~Vel bekomme!~

 

 

Kål er utruleg sunt!

Kål inneholder flere stoffer som er bra for oss, blant annet C-vitamin, folat og viktige plantestoffer. C-vitamin er en viktig antioksidant som blant annet bidrar til oppbygging og vedlikehold av kollagen og beskytter cellene i kroppen vår mot oksidativt stress. Det vil si at C-vitamin er viktig for en frisk og fin hud. I tillegg vil C-vitamin hjelpe immunsystemet slik at vi holder oss frisk, og folat vil bidra til at vi holder oss våken og opplagt gjennom dagen. De viktigste plantestoffene i kål er isotiocyanater som bl.a. er kreftforebyggende.

Kål er med andre ord veldig sunt! Den kan tilberedast på mange vis, men kan og berre finsnittast, skyllast og etast naturell om ein er fysen på noko godt om kvelden.

Hodekålen er ein viktig tradisjonsberar i det norske kjøkkenet, og har blitt dyrka i Noreg sidan 1600-tallet. Oppmodinga er: Et den knallgode norske hodekålen som er i sesong frå juni til september.

Bli medlem