ORGANISASJONSKURS ØYSTESE

Tidspunkt: 
Lørdag, 19. oktober 2019 - 12:00
Sted: 
ØYSTESE

19.

okt

Organisasjonskurs med Helle og TaleKva

tid: Laurdag 19.oktober, kl. 10.00-17.00

Stad for kurs: Kvam Ungdomsskule i Øystese

For kven: nye og eldre styremedlemer og andre medlemer som ynskje.

Kurset er gratis og er delt i kurs1 ved Helle Berger og Tale Hammerø Ellingvåg, to sprudlande damer frå administrasjonen i Norges Bygdekvinnelag. Helle og Tale har ansvar for oppbygging av heimesida i NBK, bladet Bygdekvinne, informasjons flyt og opplæringa ut til oss her ute. Kurs 2, Grethe Brundtland der vi får god innføring i organisasjonskurset som er på nettsida til Norges Bygdekvinnelag. Grethe har lang erfaring i organisasjonsarbeid og har vert med å utvikla kurset som ligg på nettsida til NBK. Ho brenne for å vidareformidla sine kunnskapar til oss her ute. Det vert ei økt før og etter lunsj med tid til øving, prøving og prating. Det er viktig at lokallaga har med nokon på begge kursa (iallfall 2 deltakarar). Lunsj er inkludert.

Dagens program: Kl:10.00 Kaffiprat, presentasjon og deling i 2 grupper

Kl.10.30 Kurs arbeid i 2 rom, med Grethe eller Tale og Helle.

Kl:12.30 Lunsjpause,

Kl:13.15 Halda fram med kurset.

Kl: 14.30 Pause med frukt, søtt og kaffi.

Kl: 15.00 Sosiale medier og korleis bruka nettsida inn mot sosiale medier.

Kl:16.30 Avslutte saman og evaluera. Kva vil me verta betre på og korleis kan me hjelpa kvarandre.

Sjå innhald i begge kursa UNDER HER. 

Vel møtt til Kvam Ungdomsskule

Innhald kurs 1 Helle og Tale vil gje innføring i bruk av nettsida: - Korleis logga deg inn på nettsida - Korleis lage artiklar - Korleis opprette arrangement - Korleis lage menypunkt - Korleis legge inn bannerbilde Innhald kurs 2 Grethe vil som innleiing på dagen gje eit kort oversyn over organisasjonen si historie. Deretter vil hovudtema vera Praktisk styrearbeid som: - Planlegging og gjennomføring av styremøter - Fordeling av arbeidsoppgåver (obligatoriske og valfrie) - Planlegging og prioritering av aktivitetar i laget - Korleis kombinere ønskjer frå sentralt hald med faste lokale aktivitetar (bruk av styringsdokumenta) - ta opp tema/spørsmål de i gruppa er opptatt av.  

Bli medlem