Klar for første innlegg Foto: Brita D. Bjørke
Foto: Brita D.Bjørke
Foto: Brita D. Bjørke
Foto: Brita D.Bjørke

INSPIRASJONSSEMINAR I TRONDHEIM

FLEIRE FLOTTE DAMER FRÅ HORDALAND VAR PÅ INSPIRASJONSSEMINAR I TRONDHEIM I HELGA 8.-10.NOVEMBER

I helga var me ein heil gjeng med glade damer som var i Trondheim på Inspirasjonsseminar (ingen nevnt - ingen gløymd)

arrangert av Norges Bygdekvinnelag.

Me budde på Scandic Nidelven midt i sentrum av Trondheim.

Det var 270 deltakara på seminaret  frå alle kantar av landet.

Seminaret byrja fredag ettermiddag og held på til søndag i lunsjtid.

Det var mange flotte foredragshaldara:

Anita Krohn Traaseth og Hans Olav Brenner snakka om prosjektet dei har dreve med siste åra då dei kjøpte ein gammal prestegård i Snertingdal 

 

i lag utan og kjenne kvarandre. No er det i ferd med og bli eit Kulturhus i Snertingdal. 

Annechen Bahr Bugge gav oss eit innblikk i det norske kjøkkenets tilblivelse og utvikling og dermed også ei forståing av kor me har fått impulsar frå, kva periodar som har vore viktig 

for endringa av kosthaldet vårt og korleis vi spiser i dag. Eit veldig spennande innlegg.

Siri Helle - budeie og forfattar, ho forklarte på ein tydleg og lett forståeleg måte korleis me blir styrt i daglegvarehandelen.

Ho gav og gode råd om korleis me kan vere med og snu på dette og påvirke. 

Ho snakka om att " Alle har ein grunnleggande rett til nytelse"

Viktig at me brukar Rekoringane .

Kari Frank, spesialist i samfunnspsykologi.

"alle treng konsentrasjon i doser"

-tru på eiga meistring

flytsona

skulle-burde-måtte-ville

Generasjon prestasjon

HVIS JEG KLARER Å VERE MEIR HER OG NÅ !

Tenk å ha eit lønnetre og sitje i !

ÅRETS LOKALLAG BLEI HEDDAL !!  GRATULERA

Dei fortalde om korleis dei arbeide for og få til alt !

 

Jan Tomas Odegard, daglig leder i Utviklingsfondet.

Han fortalde om politikk, likestilling og Urfolkskvinner i Guatamala

Anne Sverdrup-Thygeson 

Våre forunderlige og livsviktige innsekter.

Ho gav oss eit innblikk i mangfaldet og kor viktig innsekta er for oss, er ikkje dei så er ikkje me. 

Jorunn Henriksen fortalde om korleis lykkast med og få med folk og få til aktivitetar i Lokallaga, eit innspirerande og  engasjerande innlegg.

 

Til slutt på søndag fekk me ei gripande historie frå Shazia Majid om den lange vegen mot likestilling for innvandrarkvinner.

 

Mange av dei som hadde innlegg hadde med seg bøker , så det var ein god del damer som fekk tyngre koffert på heimvegen.

EI FANTASTISK HELG I TRONDHEIM!!

TAKK TIL NORGES BYGDEKVINNELAG.

 

 

Bli medlem