Engasjerte og konsentrerte damer . Foto: Brita D. Bjørke

ORGANISASJONSKURS ØYSTESE

BYGDEKVINNER SAMLA TIL ORGANISASJONSKURS I ØYSTESE

Laurdag 19.oktober var 20 bygdekvinner frå fleire lokallag samla i Øystese til Organisasjonskurs.

Kurset starta kl.10.00 på Øystese Ungdomskule med kaffi og nydelege påsmurde rundstykke som Øystese Bygdekvinnelag hadde ordna med.

Det var 2 parallelle kurs, så gruppa vart delt i 2 alt etter kva kurs bygdekvinnene hadde meldt seg på.

Tale Hammerøys Ellingsvåg og Helle Berge heldt kurs i bruk av heimesidene til lokallaga og sosiale media. 

Deltakakrane fekk lære å logge seg inn,  lage artikklar , arrangement , legge ut bilde, filar og andre ting på heimesidene .

Fekk og opplæring i forhold til Sosiale media, kva legg me ut .  

Facebook og Instagram er dei beste sosiale media og bruke, og dei vert nytta på forskjellige måtar.

Grethe Brundtland frå Omvikdalen Bygdekvinnelag er i sentralstyret i Norges Bygdekvinnelag og brenne for organisasjonsarbeid. Ho har vert med å utvikla nettkurs i organisasjonsarbeid

som ligg på nettsida til Norges Bygdekvinnelag. Deltakakrane fekk gjennomgang av delar av dette kurset, slik at dei kan ta det med seg tilbake til sine lokallag                     

 

  

Vel blåst kurs: fv. Tale, Helle, Åsa og Grethe 

Bli medlem