Brita Relling og Monika Frisvold Vågan var to av kurshaldarane.
Brita Relling og Monika Frisvold Vågan var to av kurshaldarane.
Sandshamn.
Sandshamn.
Lefseemne klar til baking.
Lefseemne klar til baking.
Ein svær hummar!
Ein svær hummar!
Nam - nam! -  Fiskekakene ser gode ut!
Nam - nam! - Fiskekakene ser gode ut!
Oppskriftene må studerast.
Oppskriftene må studerast.
Kjøt frå villsau på menyen.
Kjøt frå villsau på menyen.
Lefsebaking og steiking!
Lefsebaking og steiking !
Full konsentrasjon på Elisabeth og gjengen.
Full konsentrasjon på Elisabeth og gjengen.

Kurs i tradisjonsmat i Sandshamn.

 

Brita Relling og Monika Frisvold Vågan var av kursleiarane på kurshelg i tradisjonsmat på Sandshamn. Elisabeth Golten frå laget vårt var med som deltakar.

Kursa var på Fiskarheimen i Sandshamn, og det var privat innkvartering. Dei starta frå Valldal fredag morgon kl 07 og kom heim søndagskvelden. Ei svært travel og hyggeleg helg.

Dette var i regi av Sommarakademiet daglig leder  Karin Flatøy Svarstad.
Det var eit kurs i mattradisjonar,av råvarer vi har i nærmiljøet(også nærbutikken). Der var 28 deltakarar + kurshaldarane.Dei skulle ha eit folkemøte etter at vi reiste søndagen.
Deltakarane var delt opp i fire grupper,som rullerte.
Baking av lefser og flatbrød, - foredrag om,og partering og tilberedning av villsau.
Monika og eg hadde to grupper. Vi var på Hummerparken,der fekk vi med oss fisk. Vi laga alle måltida. Fiske/grønsakskraft som vart nytta utover(mitt bord). - Vi laga fiske/løkball,fiskeburgera, bacalao,fiskesuppe to stk og gratinert seibiff. Alt med tilbehør.
Så baka vi fyrstekake,eplekake,kveitekringle og mandelbrød. - Råmjølkspudding og sagopudding med bærsaus og saftsaus.
Temmeleg heftig på kjøkkenet,men vi hadde med utstyr heimanfrå,så det gjekk no bra.
Svært positive og engasjerte folk

Bli medlem