Bli kjend i Øksendal
Damene er klare
Bli kjend i Øksendal
Omvisarar og arrangørar
Bli kjend i Øksendal
Ved Haughom kapell

Blei kjende i Øksendal

Trettito damer, fire jenter og ein mann møtte opp ved Haughom kapell for å bli betre kjende i ei av dei eldste bygdene i kommunen vår i strålande vårsol. Heile dalen var representert, i tillegg til Egersund og Ualand.

Turen starta ved kapellet frå 1930 der Sven Egil Testad fortalde om kapellet, gravhaugen og plan for turen, før me gjekk vidare den gamle vegen opp til "nye vegen", og vidare mot Øksendal. Der gjekk me rundt tjødna, småprata på passeleg avstand og høyrde historia  om hyrmennene, hyrmannskaret og steinhedlene og om dronning Astrid og halsringane i gull. På vegen såg me kor ringane vart funne, og fekk vita mykje meir av "kjentmennene" Sissel Agathe Bø og Sven Egil Testad.

Det vart ei lang, lang rekke, og me vonar me ser alle att på Feed neste gong.

Det var lite folk ute elles, så me fekk ikkje sjekka om det stemmer at “Du tar aller oksa dei Øksendal, dei løybe ‘kje udan dei sjæl vil”...

Bli medlem